From Wikipedia, the free encyclopedia
Bunraku (japansk 文楽) er ei form for tradisjonelt japansk dokketeater som oppstod i Osaka på slutten av 1600-talet. Ordet «bunraku» er avleia av namnet til ein teatertropp skipa av dokkemeisteren Uemura Bunraken tidleg på 1800-talet.[1][2][3]
Det japanske samleomgrepet for bunraku og tilsvarande typar dokketeater er ningyō jōruri (人形浄瑠璃). Ningyō tyder «dokke» på japansk, mens jōruri er ei forteljande musikkform der ein forteljar (太夫, tayū) blir akkompagnert av ein tre-strenga lutt, ein såkalla samisen eller shamisen.[1] Den korrekte nemninga på «dokketeater» på japansk er ayatsuri jōruri.[1]
Britiske Jeremy Bidgood dokumenterte i si doktoravhandling The Problem of Bunraku: A Practice-led Investigation into Contemporary Uses and Misuses of Ningyo Joruri (London University, 2015) at dei fleste i Vesten har ei feilaktig oppfatning om at bunraku er den einaste forma for ningyō jōruri som fortsatt er ein levande tradisjon i Japan. Det korrekte er at det fins fleire parallelle tradisjonar, blant anna på Awaji-øyane, Iida og Tonda.[4]
Til skilnad frå mange andre former for dokketeater, brukar ein ikkje trådar eller andre triks for å bevege dokkene og skjule dei som styrer dokka.[5] Dokkeførarane er fullt synlege på scena, sjølv om dei som oftast er diskré kledde i svart og ber maske. Slike heilt svartkledde scenearbeidarar blir kalla kuroko på japansk. Dokkene kan vere i nesten naturleg storleik, og kvar dokke blir operert av heile tre profesjonelle dokkeførarar, som må koordinere bevegelsane sine perfekt med kvarandre for at framsyninga skal verke naturleg.[1]
Det japanske kulturrådet driv (per 2017) fleire teaterkompani som tek vare på og vidareførar tradisjonelle japanske teaterformer. Eit av desse er det som på engelsk blir kalla National Bunraku Theatre – Det nasjonale bunrakuteateret.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.