Brunost er ei samlenemning på ostar som har ein brunleg farge og er laga av myse, det vil seie det som er att av mjølka etter at ostestoffet er brukt til kvitost. Dei kan òg kallast geitost (sjølv om det finst kvit geitost). Velkjende typar brunost er fløytemysost og gudbrandsdalsost. Brunosten er halvfast og har smaksnyansar som sjokolade og karamell. I Sverige er ostetypen kjend som mesost.
Produksjon
Dei fleste brunostane blir laga av ei blanding av ku- og geitemjølk, medan nokre variantar baserer seg på berre ein av delane. Smaken vert mildare di meir kumjølk som vert brukt. Smaken er oftast kraftigare og skarpare enn vanleg, fersk kvit eller gul ost.
Ein lager osten ved å setja mjølk og fløyte til myse. Denne blandinga blir kokt forsiktig i fleire timar slik at vatnet fordampar. Varmen gjer mjølkesukkeret til karamell. Brunost er oftast svært søt, men lite proteinrik samanlikna med kvitost.
Dersom ein avbryt kokinga før osten er ferdig får ein prim, ein slags mjuk, smørbar brunost.
Bruk
Brunost er mest brukt som pålegg, men kan òg brukast med hell i sausar, ofte saman med einebær, der han gjev ein svak karamellsmak.
Brune ostar
- Fløytemysost: Vert laga av kumjølk. Ingrediensane er myse, mjølk og fløyte.
- Geitost: Ingrediensane er geitmyse, geitefløyte og geitemjølk.
- Gudbrandsdalsost: Geitemysost frå Gudbrandsdalen ca. 1860. Ingrediensane er myse, geitemjølk, fløyte og mjølk.
- Misværost, ein nordlandsk variant av gudbrandsdalsost
- Heimelaga geitost.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.