Brudesporeslekta (Gymnadenia) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Brudesporeslekta

Brudespore
Brudespore

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt:Gymnadenia
Artar i Noreg
Vitskapleg namn
Gymnadenia
R.Br.
Økologi
Utbreiing: Eurasia

Systematikk

På verdsbasis har brudesporeslekta nokre titals artar, der fleire tidlegare underartar har fått status som sjølvstendige artar.[2][3] I svært mange klassifiseringar, mellom anna i Sverige og Finland,[4][5] er svartkurle (Nigritella nigra) og andre artar i svartkurleslekta Nigritella innlemma i brudesporeslekta, men i Artsdatabanken har ein vald å oppretthalde svartkurleslekta som ei eiga slekt.[6][7]

Etymologi

Namnet Gymnadenia er laga ut frå dei greske orda gymnós (γυμνός), som tyder naken, og adénas (αδένας, gammalgresk ἀδήν), som tyder kjertel.

Artar

Artsdatabanken opererer med to artar i Noreg:[8]

Av desse er praktbrudespore teken med på Norsk raudliste for artar (2021) som sårbar (VU).[6]

I Norden finst elles:

Dersom ein innlemmar svartkurle i Gymnadenia, slik det er gjort i den svenske klassifiseringa, vil hybriden mellom brudespore og svartkurle framstå som ein art i brudesporeslekta, G. ×runei. Når ein har valt å oppretthalde svartkurleslekta som ei eiga slekt, slik Artsdatabanken har gjort, blir dette ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) som får eit eige slektsnamn, ×Gymnigritella:[10]

På Dei britiske øyane finst òg:

Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.