Brikama Ba
From Wikipedia, the free encyclopedia
Brikama Ba er ein liten by i Fulladu East District i Central River Region i Gambia. I 2022 hadde han eit anslått folketal på 10 343.[1]
Brikama Ba | |||
by | |||
Land | Gambia | ||
---|---|---|---|
![]() Brikama Ba 13.533333333333°N 14.933333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Brikama Ba | |||
Brikama Ba ligg på den sørlege breidda av Gambiaelva. For å skilje staden frå Brikama i West Coast Region, blir Brikama Ba ofte omtalt med tilleggstittelen «Village» (engelsk for ‘landsby)’. Byen ligg like ved South Bank Road, den viktigaste hovudvegen i Gambia. Langs denne vegen ligg Brikama Ba om lag 25 kilometer vest for Janjanbureh. Sørover ligg Boiram rundt 3,8 kilometer unna.
I nærleiken, omtrent fire kilometer unna i Gambiaelva, ligg elveøyane Kai Hai Islands.
Kaolang Forest Park ligg i nærleiken av byen.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.