From Wikipedia, the free encyclopedia
Bridge over Troubled Water er det femte og siste studioalbumet til Simon & Garfunkel.[13] Det kom ut 26. januar 1970 på Columbia Records og nådde førsteplassen i USA, Noreg og mange stader i verda. Albumet vart miksa og gjeve ut i både stereo og kvadrofonisk lyd. Columbia Records gav ut ei 40-årsjubileumsutgåve i mars 2011, i lag med mykje ekstramateriale. Trass i mykje ros for albumet, valde duoen å gå kvar sin veg seinare i 1970. Art Garfunkel forstette filmkarrieren sin, medan Paul Simon fortsette som soloartist. Begge gav ut soloalbum dei neste åra.
Bridge over Troubled Water Studioalbum av Simon & Garfunkel | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. januar 1970 | |
Innspelt | November 1968; 1969 | |
Studio | Studio B og Studio E, Columbia Studio Building, 49 East 52nd Street i New York City; CBS Columbia Square i Los Angeles[1][2] | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 36:29 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Paul Simon, Art Garfunkel, Roy Halee | |
Simon & Garfunkel-kronologi | ||
---|---|---|
Bookends (1968) |
Bridge over Troubled Water | Simon and Garfunkel's Greatest Hits (1972)
|
Singlar frå Bridge over Troubled Water | ||
|
Det vann Grammy-pris for «Årets album» og «Beste lydteknikar», medan tittelsporet vann prisen for «årets singel» og «årets song» under utdelinga i 1971.[13] Det har sidan seld over 25 millionar eksemplar.[14] Berre om lag 30-35 album har seld meir enn dette.
Albumet var særleg suksessrikt i Storbritannia der det låg i lange periodar på førsteplassen, og låg over eit år på lista. Det vart til slutt det mestseljande albumet i landet både i 1970 og 1971.[13] I Noreg låg albumet heile 17 veker på førsteplassen, men ikkje kontinuerleg. Totalt låg albumet på VG-lista i 81 veker, meir enn eitt og eit halvt år. Berre sju album har lagt lengre på VG-lista enn dette.[15]
I 2003 vart det rangert på 51. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, og både tittelsporet og «The Boxer» hamna på lista over dei 500 beste songane.
Alle songar er skrivne av Paul Simon, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspeling | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Bridge over Troubled Water» | 9. november 1969 | 4:52 | |
2. | «El Cóndor Pasa (If I Could)» | Daniel Alomía Robles, arrangert av Jorge Milchberg med engelsk tekst av Paul Simon | 2. november 1969 | 3:06 |
3. | «Cecilia» | 2. november 1969 | 2:55 | |
4. | «Keep the Customer Satisfied» | 2. november 1969 | 2:33 | |
5. | «So Long, Frank Lloyd Wright» | 9. november 1969 | 3:41 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspeling | Lengd |
---|---|---|---|---|
6. | «The Boxer» | 8. november 1968 | 5:08 | |
7. | «Baby Driver» | 2. november 1968 | 3:14 | |
8. | «The Only Living Boy in New York» | 15. november 1969 | 3:58 | |
9. | «Why Don't You Write Me» | 8. november 1969 | 2:45 | |
10. | «Bye Bye Love» (Konsertopptak frå Ames i Iowa) | Felice Bryant, Boudleaux Bryant | 14. november 1969 | 2:55 |
11. | «Song for the Asking» | 1. november 1969 | 1:49 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Recorded | Lengd |
---|---|---|---|---|
12. | «Feuilles-O» (Demo) | Traditional, arrangert av Simon, Art Garfunkel | 11. august 1969 | 1:45 |
13. | «Bridge over Troubled Water» (Opptak nr. 6, ikkje før utgjeven) | 13. august 1969 | 4:46 |
Vekeslister
|
40-årsjubileumsutgåva
|
Årslister
|
Tiårslister
|
Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|
«Bridge over Troubled Water» | Australske Kent Music Report Chart[16] | 2 |
Austrian Ö3 Top 40 Chart[41] | 4 | |
Den nederlandske albumlista[42] | 5 | |
Norske VG-lista[43] | 7 | |
UK Singles Chart[44] | 1 | |
US Billboard Hot 100[27] | 1 | |
US Billboard Adult Contemporary Chart[27] | 1 | |
Den tyske Media Control-lista[45] | 3 | |
«Cecilia» | Australske Kent Music Report Chart[16] | 6 |
Austrian Ö3 Top 40 Chart[41] | 6 | |
Den nederlandske albumlista[42] | 1 | |
US Billboard Hot 100[27] | 4 | |
Den tyske Media Control-lista[45] | 2 | |
«El Condor Pasa (If I Could)» | Australske Kent Music Report Chart[16] | 1 |
Austrian Ö3 Top 40 Chart[41] | 1 | |
Den nederlandske albumlista[42] | 1 | |
US Billboard Hot 100[27] | 18 | |
US Billboard Adult Contemporary Chart[27] | 6 | |
Den tyske Media Control-lista[45] | 1 | |
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Austerrike (IFPI Austerrike)[46] | Platina | 50 000x |
Canada (Music Canada)[47] | 4× Platina | 400 000^ |
Finland (Musiikkituottajat)[48] | Gull | 25 000 |
Frankrike (SNEP)[49] | Platina | 573 500[50] |
Tyskland (BVMI)[51] | Platina | 500 000^ |
Japan (Oricon) | 441 000[52] | |
Sveits(IFPI Switzerland)[53] | Gull | 25 000x |
Storbritannia (BPI)[54] | 10× Platina | 3,163,789^ |
USA (RIAA)[55] | 8× Platina | 8 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.