From Wikipedia, the free encyclopedia
Bressay er ei øy i Shetlandsøyane i Skottland. Ho ligg like austom Shetland Mainland ved Lerwick og er den femte største av Shetlandsøyane. Sundet som skil øya frå Mainland heiter Bressay Sound. Det bur i underkant av 400 menneske på Bressay, dei fleste av desse i området rundt Glebe, Fullaburn og Maryfield midt på vestre kysten. Derfrå går det bilferjer til Lerwick på Mainland. Namnet Bressay skal kome av norrønt Breid ey, 'Breid øy', men det har også vorte forklart som Brus ey, 'Brusi si øy'.
Bressay | |
---|---|
Bressay fyr på Kirkabister Ness Foto: Anne Burgess | |
Geografi | |
Stad | Nordsjøen |
Koordinatar | 60°09′N 1°05′W |
Øygruppe | Shetlandsøyane |
Areal | 28,05 km² |
Høgaste punkt | Ward of Bressay (226 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Shetlandsøyane |
Største busetnad | Maryfield |
Demografi | |
Folketal | 384[1][2] (2001) |
Folketettleik | 13,7 /km² |
I Maryfield er det eit kulturarvssenter og herregarden Gardie House frå 1724. Ved Bressay Sound ligg Bressay fyr frå 1858. Langs kysten er det klippeformasjonar som holer og bogar.
Sommarstid vert det drive båtrute frå austsida av øya til Noss, ei mindre folketom øy som ligg like austom Bressay.
På Bressay ligg hovudkringkastaren og telekomunikasjonssendaren for Shetlandsøyane. Sendarstasjonen ligg på høgste punktet på øya, Ward of Bressay (226 moh.), sør på øya. Stasjonen har to 50 meter høge radiomaster og er eigd og driven av National Grid Wireless.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.