Krossblomordenen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Krossblomordenen (Brassicales) er ein biologisk orden av blomsterplantar. Han omfattar fleire plantefamiliar, mellom anna blomkarsefamilien, kapersfamilien, krossblomfamilien, krossblomfamilien og smøraugefamilien.
Krossblomordenen | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Krossblomordenen Brassicales Bromhead, 1838 |
Fellestrekk for plantar i gruppa er at alle artar inneheld celler med myrosin og derivat av fenylalanin eller tyrosin. Artane inneheld også flavonoid og tannin. Nesten alle plantar som produserer glukosinolat (sennepsoljeglykosid) høyrer til denne ordenen. Blada er spiralstilte. Dei firetalige blomane sit i endestilte klasar.
Familiar
Ordene omfattar typisk følgjande familiar:[1]
- Akaniaceae - to artar frå Asia og Aust-Australia
- Bataceae – salt-tolerante buskar frå Amerika og Australasia
- Brassicaceae – sennep- og kålfamilien, kan også omfatta Cleomaceae
- Capparaceae – kapersfamilien, stundom inkludert i Brassicaceae
- Caricaceae – papayafamilien
- Cleomaceae[2]
- Emblingiaceae
- Gyrostemonaceae - frå Australia
- Koeberliniaceae - ein tornebuskart frå Mexico og Sørvest-USA
- Limnanthaceae – smøraugefamilien
- Moringaceae – tretten treslag frå Afrika og India
- Pentadiplandraceae - frå Afrika
- Resedaceae – resedafamilien
- Salvadoraceae - tre slekte frå Afrika til Java
- Setchellanthaceae
- Tovariaceae
- Tropaeolaceae – blomkarsefamilien
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.