Bransfieldsundet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bransfieldsundet
Remove ads

Bransfieldsundet er eit sund kring 110 km breitt og 370 km langt frå nordaust til sørvest mellom Sør-Shetlandsøyane og Den antarktiske halvøya. Det vart namngjeven kring 1825 av James Weddell, som var kaptein i Royal Navy, etter Edward Bransfield, som òg var kaptein i Royal Navy og som kartla Sør-Shetlandsøyane i 1820. Det vert kalla Mar de la Flota av Argentina.

Kjappe fakta Land, Stad ...
Remove ads

Ei undersjøisk kløft går gjennom sundet og vert kalla Bransfield Trough. Heile bassenget er kring 400 km lang og ned mot 2000 meter djupt, mellom bogen i Sør-Shetlandsøyane og Den antarktiske halvøya. Kløfta vart danna kring fire millionar år sidan.[1] Denne riftinga har ført til jordskjelv og vulkanisme langs Bransfieldsundet. Det ligg fleire undersjøisk fjell i sundet med vulkansk opphav, mellom anna den inaktive Orca Seamount.[2]

23. november 2007 gjekk MS «Explorer» på eit isfjell og sokk i Bransfieldsundet. Alle dei 154 passasjerane ombord vart redda og det vart ikkje rapportert om personskadar.

Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads