Bouyei eller buyei (eigennamn: Buxqyaix; 達斡爾族, pinyin: Bùyīzú) er eitt av dei 55 offentleg anerkjende minoritetsfolka i Folkerepublikken Kina. Ifølge folketeljinga i 2000 var det 2 971 460 av dei i Kina, dei aller fleste (94 %) i provinsen Guizhou, og elles i Yunnan, Guangdong, Zhejiang og Guangxi.
Dei er kjende for at husa deira, òg taka, er bygde av stein, i motsetnad til tre som er meir vanleg blant stammefolka i kjerneområdet deira.
Utanfor Kina er det noko usemje om det er rett å skilja dei ut som eit eige minoritetsfolk. Det er berre dialektskilnader som skil språket deira frå språket til minoritetsfolket zhuang, og den offisielle grensa mellom dei to folka følgjer dei politiske grensene knivskarpt.
- The Bouyei ethnic minority[daud lenkje] (kinesisk regjeringsside)
- Denne artikkelen bygger på «Bouyei» frå Wikipedia på bokmål, den 16. september 2009.
.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.