From Wikipedia, the free encyclopedia
Provinsen Bolzano, stundom kalla Alto Adige eller Sør-Tyrol (italiensk Provincia autonoma di Bolzano; tysk Autonome Provinz Bozen; ladinsk Provinzia autonòma de Balsan), er ein av to autonome provinsar i regionen Trentino-Alto Adige i Italia. Hovudstaden er byen Bolzano. Han har eit areal på 7 400 km² og totalt 487 673 innbyggjarar (2006). Det er 116 kommunar i provinsen.
Bolzano-provinsen | |||
provins | |||
|
|||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Trentino-Alto Adige | ||
Del av | Trentino-Alto Adige | ||
Hovudstad | Bolzano | ||
Areal | 7 400 km² | ||
Folketal | 531 178 (31. desember 2018)[1] | ||
Retningsnummer | 0471, 0472, 0473, 0474 | ||
Bilnummer | BZ | ||
Provinsen Bolzano 46.50000001°N 11.33333334°E | |||
Kart som viser Bolzano-provinsen.
| |||
Wikimedia Commons: South Tyrol | |||
Regionen er kjend for fjella sine, som Dolomittane, som utgjer ein stor del av dei sørlege Alpane.
Provinsen Bolzano ligg heilt nord i Italia og grensar til Austerrike i aust og i nord og til Sveits i vest. Dei italienske provinsane Belluno, Trento og Sondrio ligg høvesvis i søraust, sør og sørvest.
Fjella dominerer landskapet og dei fleste av desse høyrer til Alpane. Den mindre gruppa Ortleralpane vert rekna som sentrum av dei italienske Alpane. Her finn ein fjellet Ortler, med ei høgd på 3 905 meter over havet. Dolomittane er ei anna fjellkjede i provinsen. Fjellet Sciliar (2&nsbp;563 moh.) er ein del av denne fjellkjeda.
Andre fjell i provinsen er
Provinsen Bolzano vart oppretta i 1919 etter at området vart annektert av Italia. Det var tidlegare ein del av Tyrol i Austerrike-Ungarn. Området fekk ein autonom status etter den andre verdskrigen slik at det i dag stort sett er sjølvstyrt.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.