amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Robert Andrew Kreinar (26. november 1937–16. juli 2012), kjend som Bob Babbitt, var ein ungarsk-amerikansk bassist som spelte R&B, pop og funk. Babbitt var mest kjend som medlem av studiobandet til Motown Records, Funk Brothers, frå 1966 til 1972, i tillegg til tida hans som ein del av MFSB for Philadelphia International Records etter det. I 1968 skipa han òg bandet Scorpion i lag med Mike Campbell, Ray Monette og Andrew Smith, som varte til 1970.[1] Han vart rangert som den 59. beste bassisten gjennom tidene av magasinet Bass Player.[2]
Bob Babbitt | |||
| |||
Fødd | 26. november 1937 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Pittsburgh i Pennsylvania i USA | ||
Død | 16. juli 2012 (74 år) | ||
Dødsstad | Nashville i Tennessee i USA | ||
Fødenamn | Robert Andrew Kreinar | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1961–2012 | ||
Sjanger | R&B, pop, funk | ||
Instrument | Bass | ||
Tilknytte artistar | The Funk Brothers, Cindy Bullens | ||
Plateselskap | Motown | ||
Verka som | Musikar |
Babbitt spelte på innspelingar med Frank Sinatra, Barry Manilow, Gloria Gaynor, Robert Palmer og Alice Cooper medan han arbeidde i New York, og på denne tida spelte han òg på «Midnight Train to Georgia» av Gladys Knight & the Pips og «The Rubberband Man» av The Spinners.[3]
Andre kjende songar Babbitt spelte bass på var mellom andre «Signed, Sealed, Delivered I'm Yours» av Stevie Wonder og nyinnspelinga av «We Can Work It Out», «War» av Edwin Starr, «The Tears of a Clown» av Smokey Robinson & the Miracles, «Mercy Mercy Me (The Ecology)» og «Inner City Blues» av Marvin Gaye, «Cool Jerk» av The Capitols, «Band Of Gold» av Freda Payne, «Give Me Just a Little More Time» by Chairmen of the Board, «Ball of Confusion (That's What the World Is Today)», «Just My Imagination (Running Away with Me)» og «Masterpiece» av The Temptations og «Just Don’t Want to Be Lonely» av The Main Ingredient.[4]
Han deltok på hundrevis av andre hittar, som «Little Town Flirt» av Del Shannon, «I Got a Name» av Jim Croce og «Scorpio» av Dennis Coffey & the Detroit Guitar Band. Han spelte på Jimi Hendrix-albumet Crash Landing, med Phil Collins på det Motown-aktige albumet hans, Going Back.
Med Tom Rush
Med Bonnie Raitt
Med Herbie Mann
Med Jimmy McGriff
Med Lonnie Smith
Med Stanley Turrentine
Med Rodriguez
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.