From Wikipedia, the free encyclopedia
Bo Diddley er eit studioalbum av den amerikanske rock and roll-pioneren Bo Diddley frå 1962. Det må ikkje forvekslast med samlealbumet med same namn frå 1958. Dette albumet kom ut på Checker i august 1962[1] og inneheld Willie Dixon-klassikaren «You Can't Judge a Book by the Cover», som vart gjeven ut på singel i juli 1962.[3]
Bo Diddley (1962) Studioalbum av Bo Diddley | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1962[1] | |
Sjanger | Rock and roll, rhythm and blues | |
Lengd | 31:48[2] | |
Selskap | Checker LP-2984 | |
Produsent | Ralph Bass[2] | |
Bo Diddley-kronologi | ||
---|---|---|
Bo Diddley's a Twister (1962) |
Bo Diddley (1962) | Hey! Bo Diddley (1963) |
Singlar frå Bo Diddley | ||
|
I Storbritannia vart Bo Diddley gjeve ut av Pye International Records. Den britiske utgåva nådde 11. plassen på UK Albums Chart.[4] Suksessen til albumet kom etter ein britisk turne Diddley hadde byrja i starten på året i lag med The Everly Brothers, Little Richard og The Rolling Stones.
På grunn av suksessen til albumet i Storbritannia, var det mange britiske band som spelte inn songar frå albumet.
Alle songar er skrivne av Ellas McDaniel (Bo Diddley), utanom der andre er nemnde[2].
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «I Can Tell» (Samuel Smith, McDaniel) | 4:27 |
2. | «Mr. Khrushchev» | 2:56 |
3. | «Diddling» | 2:12 |
4. | «Give Me a Break» | 2:07 |
5. | «Who May Your Lover Be» | 2:54 |
6. | «Bo's Bounce» | 1:35 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «You Can't Judge a Book by the Cover» (Willie Dixon) | 2:43 |
8. | «Babes in the Woods» | 2:10 |
9. | «Sad Sack» | 2:38 |
10. | «Mama Don't Allow No Twistin'» | 2:10 |
11. | «You All Green» | 3:03 |
12. | «Bo's Twist» | 2:32 |
På UK Albums Chart nådde Bo Diddley 11. plassen den 2. november 1963.[4] Albumet nådde 117. plassen på Billboard Top LP's-lista i USA.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.