Blue and Gray
From Wikipedia, the free encyclopedia
Blue and Gray er det trettande studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet Poco, gjeve ut i 1981. Albumet er ei temabasert plate, på liknande vis som Desperado av Eagles, berre at temaet på denne plata er den amerikanske borgarkrigen. Bandet fekk ein mindre hit med «Widowmaker». Fargane i tittelen referer til uniformene til dei to partane som kriga mot kvarandre i borgarkrigen.
Blue and Gray Studioalbum av Poco | ||
Utgjeve | Juli 1981 | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 38:25 | |
Selskap | MCA | |
Poco-kronologi | ||
---|---|---|
Under the Gun (1980) |
Blue and Gray | Cowboys & Englishmen (1982)
|
Mottaking
I meldinga si for Allmusic skreiv Bruce Eder: «Dette er ikkje eit dårleg album, og har i det minste meir energi og ambisjon enn det førre albumet, Under the Gun. Dei speler fint her og der og synginga er generelt bra, og noko av låtskrivinga har høg kvalitet, sjølv om det finst nokre lettvektarar og lite minneverdige songar her òg. Hadde albumet vore litt meir konsistent hadde det blitt løfta til eit like bra nivå som somme av det nylege arbeidet deira, men det er likevel verdt å høyre som ei av dei meir ambisiøse platene som kom frå dette langvarige countryrockbandet - og det fortente verkeleg ikkje så lite merksemd som det har fått.»[1]
Innhald
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Glorybound» | Rusty Young | 3:35 |
2. | «Blue and Gray» | Young | 4:40 |
3. | «Streets of Paradise» | Paul Cotton | 3:55 |
4. | «The Writing on the Wall» | Young | 3:10 |
5. | «Down on the River Again» | Cotton | 3:45 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Please Wait for Me» | Cotton | 4:30 |
7. | «Widowmaker» | Young | 4:25 |
8. | «Here Comes That Girl Again» | Young | 3:15 |
9. | «Sometimes (We Are All We Got)» | Cotton | 3:35 |
10. | «The Land of Glory» | Young | 3:35 |
Medverkande
- Paul Cotton - gitar, vokal
- Rusty Young - steelgitar, gitar, vokal
- Charlie Harrison - bass, vokal
- Steve Chapman – trommer
- Kim Bullard – klaverinstrument, vokal
- Clydie King – korvokal
- Denise DeCaro – korvokal
- Venetta Fields – korvokal
- Steve Forman – perkusjon
Produksjon
- Produsent: Mike Flicker
- Lydteknikar: Dave Marquette, John Mills, Joe Chiccarelli med Mitch Gibson
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.