From Wikipedia, the free encyclopedia
Bjarte Bruland (fødd 11. april 1969) er ein norsk historikar og er frå Førde i Sunnfjord. Han har historisk-filosofisk embetseksamen frå Universitetet i Bergen med historie som spesialfelt.
Bjarte Bruland | |||
| |||
Fødd | 11. april 1969 Førde | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | historikar |
Bjarte Bruland har forska mykje på skjebna til jødane i Noreg under andre verdskrigen. Han var tilsett som prosjektleiar ved Jødisk Museum i Oslo frå 1. januar 2007 til 31. desember 2014 der han hadde ansvar for utstillingar, innsamling av foto og gjenstandar til samlinga i museet og andre gjeremål. Bjarte Bruland har også vore engasjert i fleire andre studie, formidling-og forskingsprosjekt om lagnaden til dei norske jødane.
Bruland var medlem i det offentleg nedsette utvalet der mandatet var å granske kva som skjedde med eigedomane til dei norske jødane under og etter den andre verdskrigen. I granskinga NOU 1997 : 22 Inndragning av jødisk eiendom i Norge under den 2. verdenskrig utarbeidde og førte Bjarte Bruland i lag med Berit Reisel utgreiinga til mindretalet. Det blei seinare lagt til grunn av regjering og Storting.
Bjarte Bruland har i 2000–2015 arbeidd med ein database over jødar i Noreg med formål å kartlegge lagnaden til desse under verdskrigen 1940–1945.
Boka Holocaust i Norge : registrering, deportasjon, tilintetgjørelse (2017) er ei vidareføring av eit treårig doktorgradsstipend frå Universitetet i Bergen med arbeidstittel Norge og Holocaust, ca. 1925-1950. I eit intervju med Bjarte Bruland i vekeavisa Dag og Tid blir det hevda at boka kan bli eit referanseverk om holocaust i Noreg.[1]
Bjarte Bruland er tildelt statsstipend frå 2019 i samband med dokumenteringa og synleggjeringa av lagnaden til dei norske jødane under den tyske okkupasjonen april 1940 til mai 1945.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.