From Wikipedia, the free encyclopedia
Bestefar er ei nemning på ein mannleg besteforelder - faren anten til nokon si mor, morfar, eller far, farfar.
I mange kulturar har det vore vanleg å kalla opp gutar etter bestefar sin. Eit barnebarn kan då få delar av eller heile namnet til bestefaren. Den amerikanske presidenten George Herbert Walker Bush er til dømes kalla opp etter morfaren sin, George Herbert Walker.
Skaparguden i den tradisjonelle religionen til det vestafrikanske sererfolket blir mellom anna kalla Kopé Tiatie Cac, 'Gud bestefar'.[1] Eit av namna for den første guden i kinesisk mytologi, Jadekeisaren, er «himmelske bestefar» (天公, Tiān Gōng). I burmesisk folkereligion er Mandalay Bodaw ein av 37 offisielle nat (åndevesen) utforma av kong Anawrahta av Bagan.
I slavisk juletradisjon er Bestefar Frost og barnebarnet hans Snøjenta utbreidd som gåvegjevar.[2] I ukrainsk kultur er det vanleg å setja opp ein kornbunt i huset kalla didukh, 'bestefar', som symboliserer forfedrane.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.