From Wikipedia, the free encyclopedia
Alf Bertel Storskrubb (24. april 1917–21. april 1996) var ein finsk friidrettsutøvar frå Jakobstad.
Bertel Storskrubb | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 24. april 1917 Jakobstad |
Død | 21. april 1996 (78 år) Helsingfors |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1948 |
Storskrubb var ein allsidig idrettsutøvar; i 1945 var han med på laget som vann det finske handballsmeisterskapen. Best gjorde han det likevel som friidrettsutøvar på øvingane 400 meter, 800 meter og 400 meter hekk.
Storskrubb vann gullmedaljen på 400 m hekk under EM i friidrett 1946 med tida 52,2 sekundar, hans personlege rekord i øvinga. Same året fekk han notert 1.49,3 på 800 meter ved eit stemne i Malmö, årsbeste i verda og finsk rekord i ti år.
To år etter EM-triumfen var han ankermann for det finske mannskapet som enda på fjerdeplass i 4 x 400 meter stafett under sommarleikane 1948 i London. Han rauk ut or langhekk-tevlinga i semifinalane.
Storskrubb vann 24 individuelle finske meiterskap og i tillegg 10 stafettmeisterskap.
Han døydde i Helsingfors.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.