Benue (fransk la Bénoué) er den største sideelva til Nigerelva. Ho er rundt 1 400 km lang, av dette dryge 1 000 km i Nigeria. Elva er seglbar over nesten heile lengda si i sommarmånadene. Ho er følgjeleg ein viktig transportveg i dei områda ho renn gjennom. I Nigeria renn den øvre del gjennom delstaten Taraba, og den nedre delen gjennom Benue. Området er ofte herja av malaria.

Kjappe fakta Land ...
Benue
elv
Thumb
Benue ved Jimeta.
Land  Kamerun,  Nigeria
Thumb
Benue
7.783333°N 6.766667°E / 7.783333; 6.766667
Thumb
Kart som viser Benue.
Kart som viser Benue.
Wikimedia Commons: Benue River
Lukk

Benue-elva har utspring på Adamawaplatået nord i Kamerun frå grensetraktene mot Tsjad i aust, og renn derfrå i nordvestleg retning, gjennom den 308 meter lange Lagdo-demningen (84 MW, reservoar 586 km²), via byen Garoua og over grensa til Nigeria sør for Mandarafjella. Deretter renn ho vest- og sørvestover gjennom nabobyane Yola og Jimeta, deretter Numan, Ibi og Makurdi, før ho munnar ut i Nigerelva ved Lokoja, 150 km sør for den nigerianske hovudstaden Abuja.

Vasskraft

Benue-vassdraget har eit betydeleg potensial for vasskraft. Førebels er Lagdo-demningen bygd ut i Kamerun, medan Nigeria har vurdert større utbyggingar med løfte om kinesisk finansiering. Dei gjennomførte og planlagde vasskraftprosjekta omfattar:

  • Lagdo-demningen – 84 MW – det største vasskraftprosjektet i Kamerun utanom vassdraget Sanaga. Bygd ut med kinesisk bistand, blir i dag drive av det amerikanske energiselskapet AES.
  • Mambila-demningen - 3900 MW - det største vasskraftprosjekt i Nigeria, «Nimengbeila» på Benue si sideelv Donga, som har fått løfte om kinesisk finansiering.[1][2][3] Prosjektet blei kopla til bygging av oljeraffineri med totalt 28 milliardar US-dollar i potensiell kinesisk kapital.[4]

Sideelvar

Sideelvane frå høvesvis aust og vest er omtrent jamstore, og mange av dei er dryge 200 km lange. Den øvste sideelva er Mayo Kébbi, som i flaumperiodar har samband med elva Logone – ein del av dreneringssystemet til Tsjadsjøen. Sideelva renn gjennom Tsjad og Kamerun der ho møter Benue ved byen Garoua. Ovanfor denne staden blir Benue demd opp med Lagdo-demningen.

Neste større (høgre) sideelv er Gongola, som er om lag 400 km lang. Ho startar i dei sentral-nigerianske fjella i delstaten Bauchi aust for byen Jos, og munnar ut i Benue-elva ved byen Numan.

Andre høgre sideelvar er Pai, Wase, Ankwe og Okwa, medan venstre sideelvar er Taraba og Donga i Taraba-staten, og Katsina i Benue-staten. Desse venstre sideelvane kjem frå Adamawaplatået i inntil 2 000 meters høgde, og har potensial for vasskraft.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.