Benedikte

kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Benedikte

Benedikte er eit kvinnenamn danna av mannsnamnet Benedikt, som kjem frå latinsk Benedictus, 'signa'.

Thumb
Byste av Benedikta zur Nieden i Medellín i Colombia.

Benedikte har norsk namnedag den 8. oktober.

Andre former av namnet er Benedicte, Benedicta og Benedikta. Bénédicte og Benoîte er franske former av namnet, Benedetta den italienske og Benedita den portugisiske. Bente og Bengta er nordiske kortformer.

Bruk

Namnet var lite brukt på første halvdel av 1900-talet, men bruken tok til å veksa rundt 1960. Han voks til to toppar, ein på over 0,4% for Benedicte mot slutten av 1980-åra og ein på 0,25 % for Benedikte mot slutten av 1990-åra, og gjekk så raskt ned igjen. I 2009 var det 1 367 norske kvinner som heitte Benedikte og 2 633 som heitte Benedicte.

Namneberarar

Thumb
Måleri av Benedikte Naubert.
  • Benedicta von Origny (d. 362), kristen martyr
  • Benedicta Ebbesdotter (ca. 1165–ca. 1200), svensk dronning
  • Benedicta Margareta von Löwendal (1683–1776), dansk-tysk adeleg
  • Infanta Benedita av Portugal (1746–1829)
  • Benedikte Naubert (1756–1819), tysk forfattar
  • Benedicta Riepp (1825–1862), tysk benediktinarnonne
  • Benedicte Adrian (f. 1963), norsk artist
  • Benedicte Schøyen (f. 1965), norsk dansar, koreograf og pedagog
  • Benedikte Lindbeck (f. 1970), norsk skodespelar
  • Benedicte Torget (f. 1971), norsk artist
  • Bénédicte Desrus (f. 1976), fransk fotograf
  • Benedicta Ajudua (f. 1980), nigeriansk idrettsutøvar
  • Benedicte Kurzen (f. 1980), fransk fotojournalist
  • Benedikte Aarvik (f. 1988), norsk fotballspelar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.