From Wikipedia, the free encyclopedia
Benjamin Dolić (fødd 4. mai 1997), kjend som Ben Dolic, er ein slovensk[1] songar. Han oppnådde popularitet i Tyskland etter å ha kome på andreplass i The Voice of Germany i 2018. Dolic skulle representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Violent Thing», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[2][3]
Dolić vart fødd og vaks opp i den slovenske hovudstaden Ljubljana. Som tolvåring deltok han i Slovenija ima talent, den slovenske versjonen tilsvarande Norske talenter, og han nådde semifinalen.[1] På vidaregåande skule var han del av gruppa D Base som deltok i songtevlinga EMA 2016, den slovenske versjonen tilsvarande norske Melodi Grand Prix.[1] Deira bidrag, «Spet živ» vart slått ut i første runde av finalen.
Då Dolić var 18 år, flytta han og familien til Sveits, der han lærte tysk og utvikla songkarrieren sin.[4] Seinare flytta han til Berlin, og i 2018 deltok han i den åttande sesongen av The Voice of Germany. Han enda til slutt på ein andreplass og turnerte sidan rundt i Tyskland og Austerrike.
27. februar 2020 kunngjorde den tyske kringkastaren ARD at Dolić var vald internt til å representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Violent Thing».[2] Som eit av dei fem store landa i Eurovision Song Contest, var Tyskland direktekvalifisert til finalen laurdag 16. mai 2020.
På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[5]
Tittel | År | Album |
---|---|---|
«Violent Thing» | 2020 | Ikkje frå album |
«Stuck in My Mind» | 2021 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.