From Wikipedia, the free encyclopedia
Barett er eit hovudplagg med flat pull som var utbreidd i Europa i mellomalderen. Den vide, mjuke hatten kunne vera rundt, firkanta eller stundom åttekanta. Barettar blir i dag berre brukt ved særskilde seremonielle høve. Moderne avleiingar er alpeluer og militære beretar.
Ordet barett er lånt via tysk barett (også i forma birret) frå det franske barette eller béret og italienske baretta og berretto. Dette er igjen avledide av det latinske birrus' som viser til ein type kappe med hette. I Danmark bruker ein nemninga baret, i Finland barett og i Sverige baskermössa for den militærlua ein i Noreg og på engelsk kallar beret.
Barett har på engelsk og norsk også blitt kalla bonnet.
Baretten er kjend frå 1000-talet av, men var særleg vanleg på byrjinga av 1500-talet, då han kunne vera den einaste typen hovudplagg menn og kvinner brukte. Mot slutten av hundreåret var bruken blitt meir avgrensa til prestar, dommarar, advokatar og andre lærde.
Barettane kunne ha ulike fasongar og storleikar og vera utstyrt med større eller mindre brettar, fjører, edelsteinar og annan pynt. Dei tidlege variantane var flate hattar, ofte i sterkare farger og med brettar, medan seinare typar først blei breiere og sidan høgare, men var vanlegvis av mørke stoff. Barettar kunne berast over hetteforma småluer, men fekk etterkvart eigne nedbretter eller øyreklaffar. Dei kunne vera strikka eller sydd av både grove og fine tekstil, som silke og fløyel. Landsknektar og andre motemedvitne kunne bera breie barettar med overdådig fjørpynt.
Barettar er framleis i bruk i nyare variantar og saman med tradisjonelle embetsdraktar. Flate luer blir for eksempel brukt av dommarar og nye doktorar i visse land, i England mellom anna i form av [[studentlue>studentlua]] tudor bonnet. Det same gjeld den firkanta angloamerikanske doktorhatten eller studentlua mortarboard eller Oxford cap. Denne er ei vidareutvikling av den akademiske bruken av barett som ofte blei brukt over ein kveif eller hylk, ei hetteforma lue som var vanleg i mellomalderen. Også medlemmer av den britiske Hosebanordenen har barett med fjørbusk som ein del av ordensdrakten.
Barettar utvikla seg i Sør-Europa til mjuke alpe- og baskarluer og militære beretar. Også til den skotske høglandsdrakten har det vore vanleg å bruka mjuke, breie barettar. Desse har sidan utvikla seg til Tam o'shanter eller balmoral bonnet, ei slags alpelue med ruteband, skygge og dusk. Også sikspensluer kan førast tilbake til barettar og engelske bonnetar for menn på 1500-talet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.