From Wikipedia, the free encyclopedia
Banderole[lower-alpha 1], av fransk banderole frå italiensk banderuola, 'lite banner'[1] er ulike former for dekorative band, flagg, vimplar og liknande.[2]
I militær samanheng kan banderole vera ein mastevimpel, ei lansefane eller ei snor med duskar som ein kan bera horn eller trompetar i.[3]
Det kan vera ein langstrekt vimpel eller splittflagg på skip, særleg dei som er festa til mastetoppen på gamle orlogsskip.
Ein kan bruka banderolar i heraldikken, der dei kan vere tekstband med motto og liknande.
Flagrande tekst- og taleband har vore brukt i biletkunst sidan mellomalderen, særleg i gotisk kunst og renessansen, men også i mesoamerikansk kunst. Dei kunne forklara tydinga til figurane, eller visa noko dei sa.[4]
Ulike varer kan ha banderolar, til dømes i form av ein papirstrimmel rundt seg, for å gje informasjon eller som reklame. Banderolar kan vera etikettar rundt bøker, sigarar eller strikkegarn som gjev informasjon om vara.
Dei kan også vera eit omslag som viser at ein skatt eller avgift er betalt. I Noreg blei slike stempelmerke nytta i tobakkindustrien på kvar tobakkpakke som eit teikn på at avgifta, banderoleskatten, var blitt betalt. Ordninga opphøyrde i 1976.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.