italiensk organist og komponist From Wikipedia, the free encyclopedia
Baldassare Galuppi (18. oktober 1706–3. januar 1785) var ein italiensk komponist frå Venezia kjend for sine operaer og særleg opera buffa.
Han vart fødd på øya Burano i Venezialagunen og på grunn av dette vart han kjend som Il Buranello. Det første forsøket hans på ein opera, La fede nell'incostanza ossia gli amici rivali (1722), var ein stor fiasko og den første framføring vart bua av scenen. Han studerte så musikk med Antonio Lotti og etter ein kort periode i Firenze arbeidde han som cembalist, og vendte attende til Venezia der han gjorde eit nytt forsøk på å skrive ein opera. Denne gongen vart hans opera seria Dorinda (1729) ein suksess og den dramatiske karrieren hans var i gang.
I 1740 vart han tilsett som musikalsk direktør ved Ospedale dei Mendicanti og han arbeidde i Markuskyrkja i Venezia frå 1748, og fekk stillinga som maestro di cappella (rekna som den viktigaste musikalske stillinga i Venezia) der i 1762. Han levde og arbeidde det meste av livet sitt i Venezia, men frå 1741 til 1743 arbeidde han i London og frå 1765 til 1768 arbeidde han for Katarina den store i St. Petersburg.
Den første opera buffaen hans var L'Arcadia in Brenta (1749). Dette var òg det første samarbeidet med librettisten Carlo Goldoni, som han produserte mange operaer i lag med. Desse verka vart særs populær, med Il filosofo di campagna (1754) som ein særleg stor suksess. Librettoen til Goldoni Il mondo della luna, vart først sett til musikk av Galuppi, og seinare nytta av mange andre komponistar, mellom andre Joseph Haydn og Giovanni Paisiello. Andre operaer som følgde var L'amante di tutte (1760) og I tre amanti ridicoli (1761), med libretto av sonen til komponinsten, Antonio Galuppi, som skreiv under namnet «A. Liteo.»
I seinare år skreiv han færre operaer. Av andre verk finst mange stykke for cembalo og fleire oratorium. Då han døydde, i Venezia, var Galuppi ein av dei mest kjende og mest respekterte personane i musikkmiljøet i Venezia. Eit rekviem vart halde til minne om han i Markuskyrkja. Eleven hans Andrea Adolfati, var òg ein suksessrik opera seria-komponist.
Fire kyrkjekoralar som feilaktig har vore tilskriven Galuppi, har det vist seg at Antonio Vivaldi er opphavsmannen til, blant anna Beatus Vir(RV 807) og Nisi Dominus(RV 803).[a 1]
Robert Browning-diktet «A Toccata of Galuppi's» refererer til Galuppi og verka hans, men han skreiv aldri nokon toccata.[1]
Den engelske pianisten Peter Seivewright har spelt inn alle 90 klaversonatar av Galuppi.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.