Balatonsjøen
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Balatonsjøen i Ungarn er den største innsjøen i Sentral-Europa. Sidan Ungarn er omgjeve av land, vert han stundom kalla «Den ungarske sjøen». Elva Zala er den største vasskjelda for innsjøen og den kanaliserte Sió er det einaste utsiget. Innsjøen er ikkje meir enn 12 m på det djupaste og har av den grunn stundom vorte kalla «Den største sølepytten i Europa».
Balatonsjøen | |||
innsjø | |||
Land | Ungarn | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Riftsjø | ||
Tilsig | Zala | ||
Utløp | Sió | ||
Nedslagsfelt | 5 181 km² | ||
Høgd over havet | 104,8 moh. | ||
Lengd | 77 km | ||
Breidd | 14 km | ||
Areal | 592 km² | ||
Middeldjupn | 3,2 m | ||
Største djupn | 12,2 m | ||
Volum | 1,9 km³ | ||
Kystlengd1 | 236 km | ||
Koordinatar | 46°50′N 17°44′E | ||
Balatonsjøen 46.85°N 17.72°E | |||
Plasseringa til Balatonsjøen i Ungarn
| |||
Wikimedia Commons: Balaton | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |||
Balatonsjøen dekkjer eit areal på 592 km² har ei lengd på 77 km og er mellom 4 og 14 km brei. Vassflata ligg 104 meter over havet og middeldjupet er 3,2 m.
På ungarsk vart innsjøen kalla Balaton (kallenamn Balcsi); på latinsk Lacus Pelso, på tysk Plattensee, på slovakisk Blatenské jazero og på serbisk Blatno Jezero eller Блатно Језеро.
Namnet tyder noko slikt som «gjørmete innsjø» på slavisk. Det ungarske namnet kjem av det slaviske namnet, men har ikkje ei konkret tyding på ungarsk i dag.
Romarane kalla innsjøen Lacus Pelso, som tyder «grunn innsjø» på latinsk. Germanarar som budde i området kalla han for Plattensee, som har same tyding som på latin.
Balatonsjøen påverkar den lokale nedbørsfordelinga. Området får om lag 50–70 mm meir nedbør enn resten av landet, som er om lag 10 % av den normale årsnedbøren dei fleste stader i Ungarn. Årsaka til dette er at sjøen er ei kjelde til vassdamp, som lufta fangar opp ved fordamping når ho bles over sjøen. Når lufta så vert heva over land igjen kondenserer ho og gjev meir regn enn i resten av Ungarn. Balatonsjøen er òg svært grunn for ein så stor innsjø, og dette gjer at han lett vert varma raskt opp om sommaren. Ein varm innsjø vil òg føre til auka fordamping som igjen virkar inn på nedbørsfordelinga. I tillegg har området fleire dagar med overskya vêr og mindre temperaturvariasjonar. På kalde vintrar frys som regel innsjøen til.
Balatonsjøen gjev òg eit klima som gjer området ideelt for dyrking av vindruer. Reflekterande stråler frå innsjøen doblar mengda av sollys som vindruene får.
Dei største feriestadane rundt innsjøen er Siófok, Keszthely og Balatonfüred. Siófok vert ofte kalla «Partyhovudstaden i Ungarn» og trekkjer til seg mange ungdomar om sommaren med sine mange diskotek. I Keszthely ligg det kjende Festeticspalasset og Balatonfüred er ein historisk badeby.
Om sommaren har innsjøen ein gjennomsnittstemperatur på 25 °C. Dei fleste strendene består anten av gras, steinar eller avleiringar. Mange av turiststadane har kunstige sandstrender. Andre turistattraksjonar er segling, fiske og anna vassport. Tihanyhalvøya er eit historisk distrikt. Badacsony er ein kjend vulkan og eit vinområde ved sida av innsjøen.
Frå aust til vest:
Balatonfőkajár - Balatonakarattya - Balatonkenese - Balatonfűzfő - Balatonalmádi - Alsóörs - Paloznak - Csopak - Arács - Balatonfüred - Tihany - Aszófő - Örvényes - Balatonudvari - Fövenyes - Balatonakali - Zánka - Balatonszepezd - Szepezdfürdő - Révfülöp - Pálköve - Ábrahámhegy - Balatonrendes - Badacsonytomaj - Badacsony - Badacsonytördemic - Szigliget - Balatonederics - Balatongyörök - Vonyarcvashegy - Gyenesdiás - Keszthely
Frå aust til vest:
Balatonakarattya - Balatonaliga - Balatonvilágos - Sóstó - Szabadifürdo - Siófok - Széplak - Zamárdi - Szántód - Balatonföldvár - Balatonszárszó - Balatonszemes - Balatonlelle - Balatonboglár - Fonyód - Bélatelep - Balatonfenyves - Balatonmáriafürdő - Balatonkeresztúr - Balatonberény - Fenékpuszta
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.