Axel Jensen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Axel Jensen
Remove ads

Axel Buchardt Jensen (12. februar 193213. februar 2003) var ein norsk forfattar og statsstipendiat frå 1995. Frå 1957 til 2002 gav han ut ei rekkje romanar og andre bøker.

Kjappe fakta
Remove ads

Livsløp

Jensen blei fødd i Trondheim. Han debuterte på eiget forlag i Oslo i 1955, men brende heile opplaget.

I 1950-åra budde han og ektemaken, Marianne Ihlen, på den greske øya Hydra.[1] Han var venn med den kanadiske forfattaren Leonard Cohen, som etter brotet budde i lag med Marianne på Hydra i fleire år.[2] Det er ei utbreidd oppfatning at Jensen baserte figuren Lorenzo i romanen Joacim etter han,[3] men han skal ha fortalt Cohen at Lorenzo var modellert etter den svenske forfattaren Göran Tunström.[4] Tunström bodde i nabohuset på Hydra.[5]

Jensen er omsett til tysk, engelsk, nederlandsk, fransk, italiensk, dansk og finsk. I eit par høve skreiv han manuskript på engelsk, som så blei omsett og utgjeve på norsk.

I samband med ein miljøkonferanse i Stockholm i 1972 møtte han Pratibha, som han gifta seg med i India. Dei budde en tid i Vaxholm utanfor Stockholm og kjøpte ei gammal selfangarskute[treng kjelde] som dei omdøypte til «Shanti Devi», 'Fredsgudinne', som var namnet til Pratibha si mor.[6] Pratibha Jensen døydde i 2018.[7] Etter restaurering sigla dei båten til Oslo i 1984.

Jensen var engasjert i Salman Rushdie-saka og skreiv artiklar og ytringar om den (samla i Den øredøvende stillheten) og essayet Gud leser ikke romaner.

I siste delen av livet var Jensen fysisk sterkt hemma av sjukdom. Han døydde i Ålefjær i Kristiansand kommune.

Remove ads

Bøker

(utgjeve av Cappelen der anna ikkje er nemnt)

Romanar

  • Dyretemmerens kors (eige forlag 1955, supprimert av forfattaren)
  • Ikaros ung mann i Sahara (1957, ny utgåve illustrert av Frans WiderbergJM Stenersens Forlag 1999)
  • Line (1959, filmatisert 1961)
  • Joacim (1961)
  • Epp (1965, ny utgåve 2002)
  • Mor India (1974)
  • Junior, eller Drømmen om pølsefabrikken som bibliotek (1978)
  • Senior (1979)
  • Lul (1992)
  • Og resten står skrivd i stjernene (1995)
  • Jumbo (1998)

Anna

  • Onalila en liten østvestpoesi (1974)
  • Tago, science fiction-collage, teikningar av Per Ekholm (1979)
  • Jan Christian Mollestad: Trollmannen i Ålefjær (Axel Jensen om Axel Jensen) (1993)
  • Det kollektive eventyr, «en bok om Norge, Europa og EU», redaktør (Aschehoug 1994)
  • Gud leser ikke romaner (En vandring i Salman Rushdies verden), essay (1994)
  • Doktor Fantastisk, teikneserie, teikna av Tore Bernitz Pedersen (1995)
  • Den øredøvende stillheten, artiklar (1997)
  • Pasienten i sentrum (Rapport fra Nimbus) og Pasienten i periferien, artiklar (1998)
  • En mann for sin hatt: Alfred Jarry (18731907), illustrert av Per og Gisela Ekholm (Forlaget Geelmuyden.Kiese 1998)
  • Livet sett fra Nimbus, sjølvbiografi i samarbeid med Petter Mejlænder (Spartacus Forlag 2002)
  • Guru – glimt fra Gurdjieffs verden, i samarbeid med Eric Delanouë (2002)
Remove ads

Prisar og utmerkingar

  • Abraham Woursells internasjonale litteraturpris 1965 for Epp
  • Cappelenprisen 1992 for Lul
  • Norsk PEN sin Ossietzky-pris 1994 for Gud leser ikke romaner
  • Fritt Ords honnør 1996
  • Natt&Dag sin «årets beste bok»-pris 1996 for Og resten står skrivd i stjernene

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads