From Wikipedia, the free encyclopedia
Hordaland er ei avis som vert utgjeven på Voss i Vestland fylke. Avisa vart skipa i 1883. Fram til 1972 var Hordaland ei Venstre-avis, sidan den tid har ho vore partipolitisk ubunden. Dekningsområdet er kommunane Voss, Ulvik, Granvin, Vaksdal og Modalen. Avisa har ei husstandsdekning på over 93 prosent i Voss kommune, kring 85 prosent i Ulvik og Granvin. Hordaland kjem ut tysdag, torsdag og laurdag i tabloidformat (omlagt frå fullformat i oktober 2003), Gjennomsnittleg sidetal er kring 28. Avisa er eigd av eit familieaksjeselskap, med Astrid Kløve-Graue som hovudeigar. Terje Olsen er dagleg leiar. Redaktør er Geir Geitle som har hatt stillinga sidan 2015. 30 personar er tilsett i avisa, noko som representerer om lag 25 årsverk. Avisa vert redigert på nynorsk.
Utvikling i nettoopplag.[1]
År | Nettoopplag |
---|---|
2000 | 10 133 |
2001 | 10 049 |
2002 | 9 959 |
2003 | 9 908 |
2004 | 9 742 |
2005 | 9 708 |
2006 | 9 585 |
2007 | 9 600 |
2008 | 9 582 |
2009 | 9 489 |
2010 | 9 386 |
2014 | 8 342 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.