Austvågøy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Austvågøy
Remove ads

Austvågøy er den nest største øya i Lofoten med sine 527 km². Øya er om lag 40 km frå aust til vest og 30 km frå nord til sør.

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Remove ads

Mesteparten av Austvågøy består av fjell som mot Raftsundet når opp til over 1000 moh. og lågland finn ein nesten berre ved strandflatene. Det høgaste fjellet i Lofoten er Higravstinden på 1146 meter over havet og ligg aust på øya. Svartstundtindan (1050 moh), Trolltindan (1045 moh) og Olsanestindan (1000 moh) ligg òg aust på øya, medan den kjende Vågakallen 942 moh. stig opp over Henningsvær sørvest på øya.

Store delar av Vågan kommune ligg på øya, medan den nordaustlege delen høyrer til Hadsel kommune i Vesterålen. På Austvågøy ligg Svolvær, den største byen i Lofoten, og det gamle fiskeværet Kabelvåg. Den kjende Trollfjorden ligg aust på øya. Austvågøy har vegsamband til Hinnøya i aust via Raftsundbrua og til Gimsøya i vest via Gimsøystraumen bru.

Austvågøy er også kjent frå eit av dikta til Inger Hagerup om den tyske militærmakta sine herjingar i Nordland under andre verdskrigen.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads