fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Australrøyrdrum (Botaurus poiciloptilus) er ein vassfugl i hegrefamilien, ein røyrdrumart med leveområde i Australia, på New Zealand og nokre nærliggande øyar. Arten er nært knytt til den eurasiske arten røyrdrum. Verdspopulasjonen er svært låg og er minkande.
Australrøyrdrum | |
Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, public domain | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av Australrøyrdrum | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Pelikanfuglar Pelecaniformes |
Familie: | Hegrefamilien Ardeidae |
Slekt: | Botaurus |
Art: | Australrøyrdrum B. poiciloptilus |
Vitskapleg namn | |
Botaurus poiciloptilus Wagler, 1827 |
Australrøyrdrumar blir mellom 66-76 centimeter i kroppslengd. Hoene veg i gjennomsnitt ca. 1000 gram, og hannane rundt 1400 gram[1] med stor variasjon.[2] Skilnaden i storleik mellom kjønna kan oppdagast sjølv med feltobservasjonar.
Australrøyrdrumar har ein kroppsfasong som liknar arten røyrdrum, ved at dei er ganske kompakte, halsen er tjukk og fjørdrakta brunspraglete. Hovudet er brunt, nebbet er gult til gulbrunt og bein og føter er i gul til olivengrøn farge. Irisen er gul. Over auget har dei ei kremkvit, fin augebrynlinje. Andletsidene er lysare gulbrune. Frå nebbet på kvar side av andletet følgjer ei mørk stripe nedover halsen. Nakken og ryggen er mørk brun med stripar som gjev fuglen totalinntrykket av sterkt flekka og spreklete utsjånad. Dekkfjørene på vengene har fine brune og gulbrune striper. Strupen og øvre halsen er kvite. Brystet er kvitt med store brune langsgåande flekker. Buken er kvit.
Flyginga er tung, oppskremte australrøyrdrumar flyg berre korte avstandar til dei finn eit skjul. Om dei flyg over lengre avstandar, nyttar dei langsame regelmessige vengeslag, halsen er då samantrekt og føtene utstrekte som hos andre hegrefuglar.
Moglege forvekslingsartar i utbreiingsområdet kan vere juvenile nankinghegre og gulhalsrøyrdrum, men australrøyrdrum er monaleg større enn desse to artane.
Australrøyrdrumen hekkar i det søraustlege og sørvestlege Australia. Han hekkar òg på øyane i Bass-sundet, på Tasmania, New Zealand og Ny-Caledonia. Arten er i utgangspunktet ein standfugl.
Intensivt jordbruk, følgt av ei omfattande drenering, gjer at det berre står att nokre få eigna leveområde i det vestlege Australia, her finst det ca. 100 hekkande par.[3] I dei australske delstatane New South Wales og Victoria er australrøyrdrumar enno relativt vanlege i nedslagsfeltet for Murray-elva og den viktigaste bielva Darling. I New Zealand var populasjonen estimert til 580-725 individ i 1980.[1]
Australrøyrdrumen har habitat i våtmarksområde med ferskvatn, særleg der dei har tett dekkje av takrøyr. Fjørdrakta gjev dei god kamuflasje, dei held seg godt skjult og blir sjeldan sett utanfor takrøyrområde. Dessutan beitar dei helst om natta og blir oftast sett i grålysing og skumring, men om vinteren kan dei tidvis observerast på dagtid.
Australrøyrdrumar lever for det meste einslege, svært sjeldan kan dei observerast i par eller i små grupper på opp til tolv fuglar. Når dei søkjer føde, flyttar australrøyrdrumar seg sakte i ei nedhuka haldning. Om dei blir ura tar dei «pålestillinga» med nebbet peikande opp, som er karakteristisk for røyrdrumar. Dietten består av fisk, froskar, krepsdyr, insekt, edderkoppar, blautdyr, øgler, rotter, mus og småfuglar.
Hekkesesongen i perioden frå september til februar. Reiret er vanlegvis bygd på ei takrøyrplattform 25-30 cm over vassflata. Australrøyrdrumar hekkar einslege, hofuglen byggjer reiret aleine før ho legg kullet av 3-5 egg. Hoa gjer òg ruginga aleine og gjev omsut for ungane. Rugetida er ca. 25 dagar og ungane er flygedyktige etter ca. sju veker.[1]
Arten har status som sterkt truga (EN), og bestanden er estimert å ligge ein stad i området 1 500 til 4 000 individ (2008), og er minkande.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.