kyrkje i Aukra kommune i Møre og Romsdal From Wikipedia, the free encyclopedia
Aukra kyrkje står på Aukrasanden på Gossen i Aukra kommune i Møre og Romsdal fylke, og er ei tømra åttekantkyrkje frå 1835.
Aukra kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Molde Domprosti | ||
Sokn | Aukra | ||
Fellesråd | Aukra | ||
Type | Åttekantkyrkje | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1835 | ||
• Endringar | Påbygd i 1921 | ||
Takryttar | Midt over skipet | ||
Kyrkjegard | Rundt kyrkja | ||
Sitjeplassar | 250 | ||
Aukra kyrkje 62.7907°N 6.917°E | |||
Wikimedia Commons: Aukra kirke | |||
Ho har 250 sitjeplassar. Det er kyrkjegard rundt kyrkja.
Det har vore kyrkje på Gossen sidan seinmellomalderen. Den fyrste Aukra-kyrkja var truleg ei stavkyrkje bygd i 1430-åra. Ho vart påbygd i 1648, men brann ned etter at lynet slo ned i henne i 1709. Ei ny tømra krosskyrkje stod ferdig i 1712. Ho fekk stå i 60 år før også ho brann ned etter lynnedslag i 1772. Likeins gjekk det med kyrkja som vart innvigd i 1774. Ho brann ned i 1834, og vart erstatta med kyrkja som no står.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.