Athletic Bilbao
From Wikipedia, the free encyclopedia
Athletic Club (baskisk Bilboko Athletic Kluba), kjend som Athletic Bilbao eller berre Bilbao i Noreg, er ein fotballklubb i Bilbao i Spania. Klubben vart skipa i 1898. Athletic Bilbao er eitt av dei fire laga i spansk Primera División som er eit medlemsstyrt idrettslag; Real Madrid, FC Barcelona og Osasuna er dei andre.
Atheltic Bilbao har spela i Primera División av La Liga sidan starten i 1929. Klubben har vorte seriemeister åtte gongar, første gongen i 1930 og den siste i 1984. Bilbao vann i 1903 den første Copa del Rey, og sin 24. og hittil siste cuptittel i 1984. I 1977 nådde laget finalane i UEFA-cupen og spela 2-2 mot italienske Juventus, men med regelen om verdet av bortemål mot heimemål vart det tap for laget frå baskarland. 35 år seinare spela Athletic Club seg til finalen i Europaligaen, arvtakaren for UEFA-cupen. I dei heilspanske finaleoppgjeret på nasjonalstadion i Bucuresti vart det tap 0-3 mot Atletico Madrid.
Athletic Bilbao er velkjend for å ha bringa fram unge baskiske fotballspelarar, samt å ha rekruttert baskiske toppspelarar frå andre klubbar, til dømes Javi Martínez. Athletic sin politikk har vore å signere spelar som er fødde eller har vokse opp i det vidare baskarland; det vere seg regionane Bizkaia, Gipuzkoa, Álava og Navarra i Spania, eller områda Labourd, Soule og Nedre Navarra i Frankrike. Dei seinare åra har ein letta litt på kravet om tilhøyrsle til baskarland, og enkelte spelarar utan regional tilknyting har spela for klubben.
Athletic Club spelar heimekampane på Estadio de San Mamés, som har plass til 39 750 tilskodarar. Laget spelar i raude- og kvitstripete trøyer og svarte bukser.
Klubben har også eit kvinnelag, som har vunne fire spanske seriemeisterskap.
Spelarstall
24. juli 2020[1] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.