From Wikipedia, the free encyclopedia
Atharvaveda er eit heilagt skrift innan hinduismen. Det er òg ei kjelde til vedisk mytologi. Teksten består av religiøse hymne og manande formlar, og er den yngste av dei fire vedaene. [1][2] Han har namn etter Atharvan, ein mytisk lærd prest som skal ha utvikla bønene og formulara,[3] og kan daterast til ca. 1200–1000 f.Kr.[4][5]
Atharvaveda inneheld tekstlaget samhita, som er det eldste, ein brahmanatekst og eit siste tekstlag som omfattar filosofiske funderingar. Dette laget omfattar tre primære upanisjadar som har hatt stor påverknade på ulike skular innan hindufilosofi: Mundaka-upanisjad, Mandukia-upanisjad og Prasjna-upanisjad.[6][7]
Atharvaveda omfattar 730 hymne med rundt 6 000 mantra, og er delt inn i 20 bøker.[8] Rundt ein sjudel av verket er tekstar som Atharvaveda har felles med Rigveda. Sjølv om Atharvaveda blir rekna blant vedaene, står han likevel «utanfor» kjernen av dei tre sentrale (Rigveda, Yajurveda og Samaveda). Noko kan tyda på at han representerer ein parallell kultisk tradisjon.
Språket i Atharvaveda utgjer saman med Rigveda og dei mantriske tekstane i Yajurveda den eldste bevarte forma av vedisk sanskrit. Tekstane er dei eldste indiske tekstane som omtalar jern.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.