by i Iran From Wikipedia, the free encyclopedia
Gorgan (persisk skrift گرگان) kaspisk Vergen, tidlegare Astarabad (persisk اَستِر آباد), òg skrive av Asterabad), er hovudstaden i provinsen Golestan i Iran. Han ligg kring 400 km nordaust for Teheran, kring 30 km inn frå Kaspihavet. I 2006 hadde byen kring 270 000 innbyggjarar.
Byen har ein regional flyplass og fleire universitet. Gorgan lufthamn opna i september 2005. Om lag 150 km aust for Gorgan ligg Golestan nasjonalpark.
Det finst fleire arkeologiske funnområde ved Gorgan, mellom anna Tureng Tepe og Shah Tepe med funn frå steinalderen og koparsteinalderen. Under Partia og Sassanidedynastiet blei Den store muren ved Gorgan bygd.
Den vide Dasht-e Gorgan (Gorganslettene) ligg nord for byen og dekkjer kring 1700 km².
Generelt har Goelstan eit moderat og fuktig klima. Elburz-fjella og nærleiken til Kaspiahvet styrer mykje av klimaet. Den årlege middeltemperaturen er 18,2 °C og i den normale årsnedbøren er 600 mm.
Vêrdata for Gorgan | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 29 | 32,4 | 35 | 39 | 43 | 45 | 44 | 44 | 41,6 | 39 | 36 | 29,2 | 45 |
Gjennomsnittleg maks °C | 12,4 | 13,1 | 15,3 | 21,2 | 26,9 | 30,9 | 32,6 | 32,7 | 29,9 | 24,8 | 18,8 | 14,3 | 22,7 |
Gjennomsnittleg min °C | 3,4 | 3,8 | 6,1 | 10,7 | 15,5 | 19,9 | 22,8 | 22,9 | 19,6 | 13,9 | 8,9 | 5,2 | 12,7 |
Lågast målte °C | −10 | −6 | −3,2 | 0 | 2,8 | 10 | 15 | 13 | 9 | 3 | −2 | −7 | −10 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 55 | 55,8 | 79,4 | 52,8 | 44,1 | 33,4 | 22,2 | 27,3 | 38,9 | 66,1 | 68,5 | 57,5 | 601 |
Gns. luftfukt (%) | 73 | 73 | 74 | 72 | 67 | 64 | 65 | 68 | 69 | 70 | 73 | 74 | 70 |
Gns. solskinstimar i månaden | 135,3 | 128,1 | 132,3 | 164,6 | 207,6 | 220,4 | 221,9 | 220,5 | 196,3 | 196,4 | 151,1 | 132,8 | 2 107,3 |
Kjelde: Synoptic Stations Statistics |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.