From Wikipedia, the free encyclopedia
Asbjørn Nilssen (19. januar 1875–19. oktober 1958) var ein norsk kombinertløpar og lege.
Asbjørn Nilssen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. januar 1875 Vestre Aker |
Død | 19. oktober 1958 (83 år) Oslo |
Idrett | skihopping, kombinert |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Asbjørn Nilssen representerte Osloklubben SK Odd. I 1895 kom han på andreplass i B-klassa under Holmenkollrenna, og kom også på sjuande plass på eit skirenn i Saltsjöbaden i Sverige. I 1897 kom han på andreplass i A-klassa under Holmenkollrenna og vart tildelt Holmenkollmedaljen for prestasjonen. I 1906 vann han veteranklassa i det same skirennet. Ei stund heldt han verdsrekorden i skihopp, tangert med Morten Hansen. Rekorden var på 32,5 meter og vart sett i Solbergbakken i 1899.[1]
Utanfor sporten var Nilssen utdanna cand. med. frå Universitetet i Oslo og arbeidde heile livet som lege. Han vart gravlagt på Vestre gravlund i Oslo.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.