Artur eller Arthur er eit engelsk mannsnamn av keltisk opphav. Det kan òg vera eit slektsnamn . Artur har namnedag den 28. august i Noreg og den 13. april i Sverige .
Namnetrekket til den kanadiske politikaren Arthur Meighen .
Namnetrekket til den amerikanske presidenten Chester Arthur .
Portrettet til Arthur Balfour , og namnetrekket hans under Balfour-deklarasjonen .
Namnet kjem frå keltisk Artus og har truleg tydinga 'vidkjend, mektig'.[1] Artur er særleg blitt kjend gjennom sogene om kong Arthur og riddarane av det runde bordet .
Artur er eit vanleg namn i Polen. Formene Arttu og Artturi er mykje brukt i Finland. Arthur er utbreidd i USA og Arturo i Spania.
I Noreg var Arthur blant dei mest brukte gutenamna for nyfødde rundt år 1900, då opptil 1,0 % kunne få namnet.
I 2009 var det 1 529 norske menn som heitte Arthur og 649 som heitte Artur.
Arthur Schopenhauer
Arthur Wellesley, 1. hertug av Wellington (1769–1852), britisk militær, politikar og diplomat
Arthur Schopenhauer (1788–1860), tysk filosof
Artur Immanuel Hazelius (1833–1901), svensk folklorist og museumsmann
Arthur Seymour Sullivan (1842–1900), britisk komponist
Arthur James Balfour (1848–1930), britisk politikar og statsminister
Jean Arthur Rimbaud (1854–1891), fransk forfattar
Arthur Conan Doyle (1859–1930) britisk forfattar
Arthur Schnitzler (1862–1931), austerriksk forfattar
Arthur Henderson (1863-1935), britisk politikar og fredsprisvinnar
Arthur Allers (1875–1961), norsk seglar
Artur Schnabel (1882–1951), austerriksk-amerikansk pianist
Arthur Andersen (1885–1947), amerikansk forretningsmann
Arthur Omre (1887–1967), norsk forfattar
Arthur Rubinstein (1887–1982), polsk-amerikansk pianist
Arthur Benjamin (1893–1960), australsk komponist og pianist
Arthur Honegger (1892–1955), sveitsisk komponist
Arthur Alstad (1899–1989), norsk målar
Arthur Koestler (1905–1983), ungarsk-britisk forfattar
Artur Lundkvist (1906–1991), svensk forfattar og kritikar
Arthur Adamov (1908–1970), russisk-fransk dramatikar
Arthur Miller (1915–2005), amerikansk forfattar
Arthur C. Clarke (1917–2008), britisk forfattar
Artur Alliksaar (1923–1966), estisk forfattar
Artur Rasizade (f. 1935), aserbajdsjansk politikar og statsminister
Arthur Arntzen (f. 1937), norsk forfattar og skodespelar
Arthur Scargill (f. 1938), britisk fagforeiningsleiar
Arthur Murray Blythe (f. 1940), amerikansk jazzmusikar
Arthur Krasilnikoff (f. 1941), dansk forfattar
Arthur Ashe (1943–1993), amerikansk tennisspelar
Arthur Conley (1946–2003), amerikansk songar