From Wikipedia, the free encyclopedia
Arno er ei elv i Toscana i Italia og den viktigaste elva i sentrale område av Italia etter Tiber.
Arno | |||
elv | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 8 228 km² | ||
Renn gjennom | Firenze, Empoli og Pisa | ||
Lengd | 241 km | ||
Middelvassføring | Ved munningen: 110 m³/s | ||
Kjelde | Mount Falterona | ||
• høgd | 1 385 moh. | ||
Munning | Tyrrenhavet | ||
Arno 43.68061°N 10.276623°E | |||
Wikimedia Commons: Arno River | |||
Elva har utspring i Mount Falterona i Casentino-området i Appenninane og renn først sørover. Elva snur vestover nær Arezzo og renn gjennom Firenze, Empoli og Pisa før ho munnar ut i Tyrrenhavet ved Marina di Pisa. Med ei lengd på 241 km er ho den lengste elva i regionen. Dei største sideelvane hennar er Sieve (60 km), Bisenzio (49 km), Ombrone, Era, Elsa, Pesa og Pescia. Nedslagsfeltet er om lag 8 200 km² og drenerer følgjande område:
Arno renn gjennom Firenze, der ho renn under bruene Ponte Vecchio og Ponte Santa Trinita (bygd av Bartolomeo Ammannati, inspirert av Michelangelo). Elva skapte tidlegare ofte flaum i byen, sist gong under den kjende flaumen i 1966 der elva hadde ei vassføring på 4 500 m³/s etter at det kom 437,2 mm nedbør i Badia Agnano og 190 mm i Firenze på berre 24 timar.
Vassføringa til Arno er svært avhengig av nedbørsmengda i området og kan gå frå å vere nesten heilt uttørka til nesten flaumaktig på berre få dagar. Der Arno renn ut av Appenninane har måleinstrument målt verdiar mellom 0,56 m³/s og 3 540 m³/s. Nye demningar bygd oppfor Firenze har betra dette problemet dei siste åra.
Under flaumen i Firenze, 4. november 1966 kollapsa ein jordvoll og minst 40 menneske mista livet og øydela mykje verdifull kunst og sjeldne bøker. Nye bevaringsteknikkar var inspirerte av katastrofen, men sjølv 40 år etter var det framleis hundrevis av kunstverk som ventar på å verte restaurerte.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.