From Wikipedia, the free encyclopedia
Arne Hoel (5. april 1927–24. september 2006) var ein norsk skihoppar, fødd i Skoger i Buskerud. Han vert særleg hugsa for sin tre sigrar i Holmenkollen, i høvesvis 1948, 1951 og 1959. Noregsmeister vart han ein gong, i 1956. Fem år tidlegare vann han NM-sølv. Hoel representerte både Ski- og fotballklubben Lyn og Idrettslaget Varg i Oslo. Han døydde i Oslo.
Arne Hoel | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. april 1927 Buskerud fylke |
Død | 10. september 2006 (79 år) Nordstrand |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1952 |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Hoel vart nummer seks under vinter-OL 1952 i Oslo, og nummer 11 i vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Han kom han på 13. plass under verdsmeisterskapen 1958 i Lahti.
Hoel slo gjennom då han vann hopprennet i Svenska skidspelen i 1947. I 1954 vart hopprennet i Holmenkollen avlyst, Hoel vann ei tevling i Holmenkollbakken seinare i sesongen, eit renn som ikkje vert rekna som eit Holmenkollrenn. To år etter vart han nummer to i Holmenkollrennet, bak den ferske olympiameisteren, Antti Hyvärinen.
Etter jamn, god hopping i den tysk-austerrikske hoppveka 1958/59 enda Hoel samanlagt på tredjeplassen, bak Helmut Recknagel frå DDR og austerrikaren Walter Habersatter.
I 1956 vart Hoel tildelt Holmenkollmedaljen for sine bragder i Holmenkollen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.