Arild Stubhaug
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Arild Stubhaug (fødd 25. mai 1948 i Naustdal i Sunnfjord) er ein norsk forfattar. Han har skrive biografiar om m.a. Sophus Lie og Niels Henrik Abel. Stubhaug har også utgitt diktsamlingar og prosabøker.
Arild Stubhaug | |
Fotograf: Olav Ulltveit-Moe. Opphavsperson: Arild Stubhaug. | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. mai 1948 (76 år) Naustdal kommune |
Yrke | Forfattar, biograf |
Sjanger | Lyrikk, novelle, romanar, biografiar |
Ektefelle | Kari Bøge |
Debut | Utkantane : dikt, 1970 |
Stubhaug vaks opp på Fitjar. Han er cand.mag. frå Universitetet i Bergen med faga matematikk, litteraturvitskap og religionshistorie. Han debuterte som forfattar i 1970 med diktsamlinga Utkantane. I 1996 gav Stubhaug ut biografien Et foranskutt lyn om Niels Henrik Abel. Stubhaug vart tildelt Brageprisen for boka og ho er omsett til fleire språk som engelsk, tysk, fransk, japansk og kinesisk. Då han vart utnemnd til statsstipendiat frå 2005 vart det m.a. grunngjeve med at han hadde bidrege til å gi norsk matematikk og naturvitskap eit løft, nasjonalt og internasjonalt.
Han er gift med forfatteren Kari Bøge.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.