From Wikipedia, the free encyclopedia
Rass (òg skrive Ar Rass, AlRass eller Al-Ras; arabisk الرس) er ein saudiarabisk by i Al Qassim-provinsen. Han ligg sørvest for Buraydah, hovudstaden i provinsen og nord for Riyadh, hovudstaden i landet.
Ar Rass | |||
الرس | |||
by | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Region | Al Qassim-provinsen | ||
Koordinatar | 25°52′N 43°30′E | ||
Areal | 60 km² | ||
Folketal | 133 000 (2010) | ||
Folketettleik | 4 200 / km² | ||
Tidssone | EAT (UTC+3) | ||
Ar Rass 25.866666666667°N 43.5°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Ar Rass | |||
Han er den tredje største byen i Al Qassim-provinsen etter folketal og har kring 133 000 innbyggjarar (2010). Han har eit areal på kring 60 km². Rass tyder «ein gammal brunn» på arabisk, og vart nemnd i eit dikt av Hassan Bin Thabit, diktaren som var ein følgjesvein (sahaba) til Muhammed.[treng kjelde]
Byen har 19 offisielle under-guvernement, og er omgjeve av kring 200 landsbyar, og ein beduinsk busetnad, hovudsakleg på sør- og vestsida.
Rass ligg i Al Qassim-provinsen, sentralt i Saudi-Arabia. Han ligg nesten 400 km nord for Riyadh, 50 km vest for Unaizah, og kring 80 km sørvest for Buraydah, regionshovustaden. Byen ligg sør for Al Khabra, vest for Badaya'a, aust for Qasr Bin Okayel, og nord for Dakhnah.
Rass har eit typisk terreng for Nejd, med sanddyner kring byen, utanom i vest og i sør, der det ligg beduinske busetnader. Wadi Al Rumma (Rummadalen) kryssar byen frå sørsida til nordaustsida. Det er fleire mellomhøge platå, og låge fjell kring byen, hovudsakleg i sør. Desse vert av lokale kalla Jebel Algoshie.
Rass har eit typisk ørkenklima, med kjølige vintrar og svært varme og tørre somrar. Middeltemperaturen om vinteren ligg mellom 8 og 21 °C. Juni til september er dei varmaste månadane og kan stundom nå opp mot 50ºC på det aller varmaste.
Fotballaget i byen, Al Hazm spelar på det øvste nivået i landet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.