From Wikipedia, the free encyclopedia
Antony Beevor[lower-alpha 1] (fødd 14. desember 1946) er ein britisk forfattar og historikar. Han er utdanna ved Winchester College og Sandhurst og tenestegjorde som offiser i den britiske hæren i Storbritannia og Tyskland i åra 1967–1970.
Antony Beevor | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 14. desember 1946 (77 år) Kensington |
Yrke | militærhistoriker, romanforfattar, historikar, faglitterær forfattar, forfattar, skribent |
Medlem av | Royal Society of Literature |
Far | John Grosvenor Beevor |
Mor | Kinta Beevor |
Ektefelle | Artemis Cooper |
Born | Eleanor Beevor, Adam Beevor |
Antony Beevor på Commons |
Som forfattar av historiske verk er bøkene til Beevor kjenneteikna av utstrekt bruk av kjelder og den omfattande tilgangen hans til arkivmaterial. Samstundes er forteljarteknikken hans slik at lesaren òg følgjer individuelle skjebnar og opplevingar. Den omfattande dokumentasjonen hans av dei sovjetiske overgrepa både i Stalingrad, men særleg i Tyskland, medførte kritikk frå Russland.
Bøkene til Beevor er omsette til 30 språk og selt i 6 millionar eksemplar.[1]
Nyårsaftan 2016 vart Beevor utnemnd til Knight Bachelor.[2] Han vart dermed opphøgd i riddarstanden og fekk rett til å føra tiltaleforma sir føre namnet.
Beevor vart i 1997 gjort til riddar av den franske Ordre des Arts et des Lettres. I 2008 vart han tildelt den estiske Terra Mariana-ordenen, og i 2016 vart han kommandør av den belgiske Kroneordenen.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.