Andíparos
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Andíparos (gresk Αντίπαρος), i antikken kalla Oliaros, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho ligg berre om lag 1 km vest for Páros, ein båttur som berre tar 10 minutt frå Poúnda, ei lita hamn på Páros.
Andíparos Lokalt namn Αντιπαρος | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 37°00′N 25°03′E |
Øygruppe | Kykladane |
Areal | 45,2 km² |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Páros |
Største busetnad | Andíparos (1 077 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 1 265 (2021[1]) |
Folketettleik | 28,0 /km² |
Andíparos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Páros i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Andíparos 1 265 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 1 077 innbyggjarar.[1]
Øya har ei 57 km lang kystlinje. Dei fleste av innbyggjarane bur i landsbyen Andíparos eller Kástro på nordkysten og arbeider med jordbruk og fiske. Øya er 12,5 km lang og 5,5 km brei med eit areal på 35 km². Vest for Andíparos ligg den vesle øya Despotikó.
Den størst turistattraksjonen på øya er ei stalaktittgrotte på sørkysten. Det er mange strender på øya og den største er Psaraliki, der dei fleste turistane dreg til. Det er òg andre strender og restaurantområde på øya, men desse er vanskelegare å nå.
Byane og tettstadene i kommunen er:
Småøyar i kommunen:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.