Anneke von der Lippe

norsk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Anneke von der Lippe

Anneke von der Lippe (fødd 22. juli 1964) er ein norsk skodespelar frå Oslo. Ho har hatt fleire hovudroller ved Det Norske Teatret, Nationaltheatret og i filmar og fjernsynsseriar.[1]

Karriere

Anneke von der Lippe er dotter av Anni, som var professor i psykologi, og sosionomen Herman von der Lippe.[2] Ho er oppvaksen i Holmenkollåsen i Oslo, og gjekk på Steinerskulen i 12 år. Ho vart uteksaminert frå Statens teaterhøgskole i 1988, og vart same året tilsett Det Norske Teatret. Her har ho mellom anna spelt Ragnhild i Medmenneske av Olav Duun,Olga i Tre systrer av Anton Tsjekhov og tittelrolla i Molly Sweeney av Brian Friel. Seinare har ho spelt både i Teater Ibsen, Rogaland Teater og Nationaltheatret.

Ho filmdebuterte i 1992, då ho spelte Ann Mari Salmi, den kvinnelege hovudrolla i Krigerens hjerte av Leidulv Risan. Aftenposten skreiv den gongen: «Anneke von der Lippe leverer den sikreste og selvfølgeligste norske filmdebut på mange år.»[3] Fleire priskomitéar stadfeste styrken i debuten hennar då Anneke von der Lippe vann Amandaprisen 1992 i klassen beste kvinnelege hovudrolle og Filmkritikarprisen 1993, begge for rolla i Krigerens hjerte.

I 1994 spelte ho ei hovudrolle i dramakomedien Over stork og stein av Eva Isaksen, saman med skodespelarane Johannes Joner og Dennis Storhøi. Året etter deltok ho i Henning Carlsen si filmatisering av romanen Pan av Knut Hamsun, saman med Bjørn Sundquist og Lasse Kolsrud. Då ho vann Amandaprisen 1995 for beste kvinnelege hovudrolle, var det for innsatsen i både Pan og Over stork og stein.

Anneke von der Lippe har seinare vorte kjend for skodespel i filmane Barbara (1997), Bare skyer beveger stjernene (1998), Misery Harbour (1999), Trigger (2006), deUSYNLIGE (2008) og Pax (2011), og miniserien Ved kongens bord (2005).

Hausten 2014 spela ho lensmannen Helen Sikkeland i NRK-serien Øyevitne. For denne rolla vant ho ein Emmy-pris, og ble med det den første norske skoespelaren som vann denne prisen.[4]

Familie

Anneke von der Lippe er gift med regissøren Morten Cranner. Dei har to døtrer, Elvira og Clara.[2] Farfaren hennar var Frits von der Lippe, den fyrste sjefen i Riksteatret.[5]

Prisar og utmerkingar

  • Amandaprisen 1992 i klassen beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Ann Mari Salmi i Krigerens hjerte.
  • Filmkritikarprisen 1993 for rolla som Ann Mari Salmi i Krigerens hjerte.
  • Amandaprisen 1995 i klassen beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Liv i Over stork og stein og rolla som Eva i Pan.
  • Den danske Bodilprisen 1996 i klassen beste kvinnelege birolle for rolla som Eva i Pan.[6]
  • Nominert til Emmy-prisen 2005 for rolla som helseminister Tove Steen i NRK-serien Ved kongens bord.[6]
  • Chaplinprisen[6]
Anna
  • Anneke von der Lippe er avbilda på eit færøysk frimerke i høve filmen Barbara.[7]

Roller

Teater (utval)

  • 1991: Ragnhild i Medmenneske av Olav Duun ved Det Norske Teatret[8]
  • 1993: Olga i Tre systrer av Anton Tsjekhov ved Det Norske Teatret[8]
  • 1996: Molly Sweeney i Molly Sweeney av Brian Friel
  • 1999: Nora i Et dukkehjem av Henrik Ibsen
  • 2002: Gwendolen Fairfax i Hvem er Earnest? av Oscar Wilde ved Nationaltheatret[8]
  • 2009: Hippolyta/Titania i En midtsommernattsdrøm ved Nationaltheatret[8]
  • 2010: Benvolio i Romeo og Julie ved Nationaltheatret[8]
  • 2013: Cornwall i Kong Lear ved Nationaltheatret[8]
  • 2014: Victoria og poeten i Et drømspill ved Nationaltheatret[8]
  • 2017: Dronning Marguerite i Kongen dør av Eugène Ionesco ved Nationaltheatret[8]
  • 2018: Personer, steder og ting av Duncan Macmillan ved Nationaltheatret[8]

Film og fjernsyn

  • 1989: Deadline (Fjernsynsserie)
  • 1992: Krigerens hjerte (Film)
  • 1992: Flaggermusvinger (Film)
  • 1992: Peer Gynt (Miniserie)
  • 1994: Over stork og stein (Film)
  • 1995: Søtti-tallskameratene (Fjernsynsserie)
  • 1995: Pan (Film)
  • 1996: Syndig sommer (Film)
  • 1997: Barbara (Film)
  • 1998: Nini (Fjernsynsserie)
  • 1998: Bare skyer beveger stjernene (Film)
  • 1999: Misery Harbour (Film)
  • 2001: Lime (Film)
  • 2002: Sejer - Djevelen holder lyset (Fjernsynsserie)
  • 2004: Far og sønn (Fjernsynsserie)
  • 2005: Ved kongens bord (Miniserie)
  • 2006: Trigger (Film)
  • 2007: Torpedo (Miniserie)
  • 2007: Lønsj (Film)
  • 2008: Ulvenatten (Film)
  • 2008: deUSYNLIGE (Film)
  • 2008: De gales hus (Film)
  • 2011: Pax (Film)

Kjelder

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.