Anne Lilia Berge Strand (fødd 21. november 1977 i Trondheim), betre kjend som Annie, er ein norsk popmusikar og DJ.[1]
Anne Lilia Berge Strand | |||
| |||
Fødd | 21. november 1977 (46 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Trondheim | ||
Fødenamn | Anne Lilia Berge Strand | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1993– | ||
Sjanger | pop, danse-pop, indie dance, synthwave | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Island Records, 679 Artists | ||
Verka som | songar, DJ, låtskrivar, musikkprodusent, karateutøvar | ||
Prisar | Spellemannprisen for årets nykommer, Alarmprisen i pop, Alarmprisen for årets nykommer, Spellemannprisen i pop |
Biografi
Anne Lilia Berge Strand voks opp i Bergen. Ho begynte å få merksemd som artist i 1999. Under artistnamnet Annie gav ho då ut singellåten «The Greatest Hit» i samarbeid med Tore Andreas Kroknes, kjend som DJ Erot. Dei to artistane vart også kjærastar ein periode. Kroknes, som hadde ein medfødd hjartefeil, gjekk bort i 2001, berre 23 år gamal. Annie sin singel «I Will Get On», som også var produsert saman med Kroknes, kom ut i 2002.[2]
Annie heldt fram som artist også etter dødsfallet, og starta nye samarbeid med andre artistar. I 2004 gav ho ut sitt fyrste album, elektropop-plata Anniemal. På plata bidreg m.a. Richard X, Torbjørn Brundtland, Svein Berge og finske Timo Kaukolampi, og Annie vart samanlikna med Bertine Zetlitz. «The Greatest Hit» var òg med på plata.[3] Under utdelinga av Spellemannprisen 2004 vart Annie kåra til Årets nykomar. Året etter vann ho Alarmprisen i klassen for pop.
I 2005 gav ho ut samleplata DJ Kicks med gamle hitlåtar.[4] Etter dette busette ho seg i Tyskland og heldt ein låg profil fram til ho gav ut eit nytt studioalbum, Don't Stop i 2009, framleis i samarbeid med produsentane Richard X og Timo Kaukolampi.[5]
Diskografi
- Anniemal (2004)
- DJ Kicks (samleplate, 2005)
- Don't Stop (2009)[6]
- Dark Hearts (2020)
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.