From Wikipedia, the free encyclopedia
Anne Jules de Noailles, 2. hertug av Noailles (5. februar 1650–2. oktober 1708) var ein av dei øvste generalane i Frankrike mot slutten av regjeringstida til Ludvig XIV, og han kommanderte dei franske styrkane i Spania under både niårskrigen og den spanske arvefølgjekrigen. I 1693 vart han marskalk av Frankrike.
Anne Jules de Noailles | |||
| |||
Fødd | 5. februar 1650 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Paris | ||
Død | 2. oktober 1708 | ||
Dødsstad | Versailles | ||
Rang | marskalk av Frankrike | ||
Konfliktar | Den fransk-nederlandske krigen | ||
Adelstittel | hertug |
Han tok over som hertug etter faren Anne de Noailles då han døydde i 1677. Han var gift med Marie Françoise de Bournonville som han fekk 21 born med. Adrien-Maurice, det sjuande barnet og den eldste overlevande sonen hans, overtok etter faren då han døydde. Av døtrene gifta Marie Victoire seg med ein av kong Ludvig XIV sine uekte born, Comte de Toulouse.
Den største sigeren hans var slaget ved Ter i 1694.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.