From Wikipedia, the free encyclopedia
Anette Sagen (fødd 10. januar 1985) er ein norsk skihoppar frå Hellfjellbygda i Vefsn. Som ein av dei beste kvinnelege skihopparane i verda, har ho vore ein forkjempar for kvinneleg skihopping som idrettsgrein. Ho representerer skiklubben Remma IL. Under Ski-VM 2009 vann ho bronsemedalje i normalbakke.
Anette Sagen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. januar 1985 (40 år) Mosjøen |
Idrett | skihopping |
Anette Sagen begynte som skihoppar gjennom samarbeidsorganisasjonen Vefsnhopp.
I 2004 vart ho nekta å hoppe i Vikersund, ei sak som fekk mykje merksemd i media. Striden stod om kvinner i det heile teke er skikka til å hoppe i så store bakkar, sjølv om mange av kvinnene slo fleire menn. Torbjørn Yggeseth, formann i hoppkomiteen i det internasjonale skiforbundet, fronta vedtaket om å nekte jentene å hoppe i bakken. Til slutt enda det likevel med at jentene fekk hoppe i Vikersund[1], og 5. mars 2004 hoppa Sagen 174,5 meter – det lengste ei norsk kvinne har hoppa på ski.[2] Berre austerrikske Daniela Iraschko har hoppa lengre enn Sagen.
3. mars 2010 fekk ho æra av å gjere det første offisielle hoppet i den nye Holmenkollen.
Ski-VM
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.