From Wikipedia, the free encyclopedia
Andrew White (27. juli 1930–9. november 2015) var ein skotsk trommeslagar, hovudsakleg som studiomusikar. Han vart stundom kalla «den femte Beatles»[1] og er mest kjend for å ha erstatta Ringo Starr på trommer på debutsingelen til The Beatles, «Love Me Do».[2] White var med på den amerikanske singelutgåva av songen, som òg kom ut på det britiske debutalbumet deira, Please Please Me. Han spelte òg på «P.S. I Love You», som var B-sida til «Love Me Do».[3][4]
Andy White | |||
Fødd | 27. juli 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Glasgow i Skottland | ||
Død | 9. november 2015 (85 år) | ||
Dødsstad | Caldwell i New Jersey i USA | ||
Fødenamn | Andrew White | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1950-åra til 1970-åra | ||
Sjanger | Pop/rock, rock and roll, swing | ||
Instrument | Trommer, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | The Beatles The Smithereens | ||
Verka som | Musikar | ||
Gift med | Thea White |
White spelte med andre kjende musikarar og grupper i både Storbritannia og USA, som Chuck Berry, Billy Fury, Herman's Hermits og Tom Jones. AllMusic kalla White «ein av dei travlaste trommeslagarane i England frå slutten av 50-åra til midten av 70-åra».[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.