From Wikipedia, the free encyclopedia
Andrew Clement Serkis (fødd 20. april 1964) er ein britisk skodespelar, kjend frå rolla som Gollum i Ringdrotten-filmane av Peter Jackson.
Andy Serkis | |||
| |||
Fødd | 20. april 1964 (60 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Ruislip | ||
Fødenamn | Andrew Clement Serkis | ||
Aktive år | 1989– | ||
Verka som | fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, filmregissør, skribent, skodespelar, stemmeskodespelar, teaterskodespelar, produsent, regissør, produsent | ||
Ektefelle | Lorraine Ashbourne | ||
Born | Louis Ashbourne Serkis, Ruby Ashbourne Serkis, Sonny Ashbourne Serkis |
Andy Serkis vart fødd i Vest-London og voks opp i ein familie på sju. Faren, Clement Sarkisian var ein lækjar frå Irak av armensk ætt, og i barndommen måtte familien reisa mykje rundt i Midtausten på grunn av jobben hans. Andy Serkis gjekk på katolsk skule i London, og etter vanleg skulegang starta han studie i visuell kunst ved Lancaster University. Etter ei stund gjekk han over til å studera teater på fulltid.
I 1989 starta Serkis å få små roller i britiske fjernsynsseriar. Samtidig skaut teaterkarrieren hans fart, og han spela roller i stykke av Shakespeare og Bertolt Brecht m. fl. Den fyrste spelefilmen han fekk ei rolle i var Prince of Jutland (1994) med Christian Bale, og det vart fleire spelefilmar på Andy Serkis utover 1990-åra.
I 2001 kom den fyrste av Ringenes herre: Ringens brorskap ut. Her var den schizofrene karakteren Gollum/ Smýgol, spelt av Serkis, såvidt synleg i filmen. Andy Serkis fekk ei større rolle i dei to siste filmane i trilogien frå 2002 og 2003. Andy Serkis spelte inn rørslene og andletsuttrykka til Gollum i ei spesiell, tettsitjande drakt, og ved hjelp av moderne datateknikk vart dette sett saman med digital animasjon for å skapa figuren Gollum. Likevel var både røysta, rørslene og andletsuttrykka Serkis sitt. I den tredje filmen, Ringenes herre: Atter en konge, spela Serkis karakteren Smýgol i ei tilbakeblikk-scene i byrjinga av filmen. Dette var tradisjonelt skodespel. I tillegg til dette spelte Andy Serkis inn røysta til The Witch King of Angmar i alle filmane.
Etter dette har Andy Serkis spelt i fleire store spelefilmar. Av høgdepunkta kan det nemnast at han hadde hovudrolla i filmen om King Kong (2005) og at han spelte stemma til kaptein Haddock Tintin-filmen (2011). I tillegg spelar Serkis Gollum/ Smýgol i Hobbiten: En uventet reise frå 2012, og var second unit director, assisterande regissør, for alle tre Hobbiten-filmane til Peter Jackson.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.