russisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Andrej Antanasovitsj Kantsjelskis (fødd 23. januar 1969) er ein russisk tidlegare fotballspelar, fødd i Kropyvnytskyj i dagens Ukraina. Han er framom alt kjend for sine fire suksessrike sesongar i engelske Manchester United, 1991-95. Kantsjelskis var ein kjapp og arbeidsam kantspelar.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Andrej Antanassovitsj Kantjelskis | ||
Fødd | 23. januar 1969 (55 år) | ||
Fødestad | Kirovograd i Sovjetunionen (no Ukraina) | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Skotfot: Høgre | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1988-1990 | Dynamo Kiev | 22 | (1) |
1990-1991 | Sjakhtar Donetsk | 21 | (3) |
1991-1995 | Manchester United | 123 | (28) |
1995-1997 | Everton | 52 | (20) |
1997-1998 | Fiorentina | 26 | (2) |
1998-2002 | Rangers | 76 | (13) |
2001 | → Manchester City (lån) | 10 | (1) |
2002-2003 | Southampton | 1 | (0) |
2003 | Al-Hillal | 3 | (0) |
2004-2005 | Saturn Moskva | 39 | (4) |
2006 | Krylja Sovetov | 24 | (1) |
Totalt | 397 | (72) | |
Landslag | |||
1989-1991 | Sovjetunionen | 17 | (3) |
1992 | Samveldet av uavhengige statar | 6 | (0) |
1992-1998 | Russland | 36 | (4) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Kantsjelskis spelte på [[Dynamo Kiev]9 i 1988 og på Sjakhtar Donetsk i 1990. I april 1991 fekk han kontrakt med Manchester United og debuterte for laget 11. mai. Dei neste sesongane skapte han mange sjansar frå sin posisjon på høgrekanten. Han var med om å vinne ligacupfinalen 1992 med 1-0 over Nottingham Forest, og bidrog mykje til at Manchester United vann den engelske ligaen i 1993 og i 1994. Våren 1994 vart han elles utvist i sluttminuttane av ligacupfinalen mot Aston Villa, etter å ha handsa. Aston Villa fekk straffespark og Villa-spissen Dean Saunders fastsette sluttresultatet til 3-1. Sju veker seinare gjekk det mykje betre for United og Kantsjelskis, i FA-cupfinalen vann Manchester-laget heile 4-0 over Chelsea FC. Sesongen 1994/15 var Kantsjelskis lagets toppskårar i ligaen med sin 15 nettkjenningar.
Etter å ha kome på kant med Alex Ferguson, lagsjefen i Manchester United, vart Kantsjelskis sommaren 1995 overført til FA-cupmeisteren Everton FC. I sin fyrste sesong på Everton skåra han 16 mål og vart, med sitt offensive spel, ein populær spelar hos Everton-fansen. Den neste sesongen gjekk det tråare, og i januar 1997 gjekk ferda til den italienske klubben Fiorentina, mot eit vederlag på £8 millionar. Han vart verande i Fiorentina i halvtanna år, ei tid prega av ankelskadar etter å ha vorte utsett for fleire råe taklingar.
Frå hausten 1998 spelte Kantsjelskis på skotske Rangers FC, der han hadde plass i fyrsteellevaren i to sesongar. Han var då med å vinne ligaen og cupmeisterskapen begge sesongane. Etter 2000 fekk han lite speletid og var innom Manchester City og Southampton FC, før han i 2004 reiste til Russland. Her var han aktiv på Saturn Moskva i 2004-05, og i Krylia Sovetov i 2006.
Kantsjelskis spelte 23 landskampar for Sovjetunionen i tida 1989-92. I sin tredje landskamp skåra han det fyrste målet då Noreg vart slått 2-0 i ein EM-kvalifiseringskamp 12. september 1990. Hausten 1991 skåra han ytterlegare to mål i EM-kvalifiseringskampar, derimot kom han ikkje på skåringslista under Fotball-EM 1992, der det sovjetiske fotballandslaget gjorde ein bleik figur i lagets siste kampar.
Frå 1993 valde Kantsjelskis å spele for Russland sitt landslag. I åra fram til 1998 deltok han i 36 landskampar. Ein konflikt med landslagssjefen gjorde at han ikkje kom med i troppa til VM i fotball 1994. Gjennom den seks år lange perioden skåra Kantsjekskis fire landslagsmål og deltok i to kampar i EM i fotball 1996. Dermed enda han opp med totalt 59 landslagsoppdrag og 7 mål.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.