Andrej Belyj
russisk skribent og poet From Wikipedia, the free encyclopedia
russisk skribent og poet From Wikipedia, the free encyclopedia
Andrej Belyj (26. oktober 1880–8. januar 1934), psevdonym for Boris Bugajev, var ein russisk poet og romanforfattar, som vert rekna som ein av dei fremste russiske symbolistane. Belyj var son til ein matematikar og studerte sjølv matematikk.
Andrej Belyj | |
Verkeleg namn | Boris Bugajev |
Pseudonym | Андрей Белый |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Sovjetunionen, Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken |
Fødd | 14. oktober 1880 Moskva |
Død |
8. januar 1934 (53 år) |
Yrke | lyrikar, skribent, sjølvbiograf, skodespelforfattar, litteraturkritikar, science fiction-forfattar, filosof, kritikar, Стиховедение, illustratør |
Sjanger | roman, dikt |
Religion | Ortodoks kristendom |
Far | Nikolai Bugaev |
Ektefelle | Assja Turgenieff |
Andrej Belyj på Commons |
Gjennom sine tekstar prøvde Belyj å fornye den russiske litteraturen. Han søkte ei tilnærming mot musikken, som for han var den fremste kunstarten. Han arbeidde til dømes med gjentakande motiv og uttrykk, og interesserte seg mykje for klangen i språklyden.
Koplinga til musikken kjem klart fram i titlane til Belyjs tidlege dikt. Han kalla dei for symfoniar: Den første symfonien (også kalla Den nordiske symfonien) (1904), Den andre symfonien (1902), Den tredje symfonien (1905) og Den fjerde symfonien (1908).
Som romanforfattar merkar Belyj seg ut med romanen Sølvdua (1909), Petersburg (skriven 1913-14, utgjeven 1916) og Kotik Letajev (1917). I romanane legg Belyj for dagen stor interesse for kristen mystisisme og antroposofi. Dei tek opp spørsmålet om Russlands identitet som kløyvd mellom aust og vest. Petersburg, som handlar om ein revolusjonær senatorson som får i oppdrag å sprenge far sin i lufta, kan sjåast som ein allegori over revolusjonshandlingane i Russland anno 1905. Stilistisk har romanen vore jamført med James Joyce sin roman Ulysses.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.