From Wikipedia, the free encyclopedia
Andrea Henkel (fødd 10. desember 1977) i Ilmenau i Thüringen i Tyskland, (DDR)) er ein tysk skiskyttar. Ho er to gonger olympisk meister og ein gong verdsmeister i skiskyting.
Andrea Henkel | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 10. desember 1977 (46 år) Ilmenau |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2002 |
Utmerkingar | Silbernes Lorbeerblatt, Holmenkollmedaljen |
Henkel voks opp i Großbreitenbach i Thüringen, og stod på langrennsski første gong som fireåring. Ho lærte å stå på ski i vintersportsområdet Oberhof, og byrja på sportsgymnas der i 1991. Ho vart fleire gonger junior-verdsmeister og -europameiser. I 1996 tok ho abitur (artium) og gjekk inn i den tyske hæren si sportsavdeling.
I OL i Salt Lake City i 2002 vann ho to gull, på 15 km og med stafettlaget. Ho hadde frå før sølv i VM frå 2000 og 2001 i stafett. I 2005 vart ho verdsmeister på 15 km i Hochfilzen - hennar fjerde verdscupsiger. I 2011 vart ho tildelt Holmenkollmedaljen.
Andrea Henkel er søster til Manuela Henkel, som er olympisk meister på stafett i langrenn frå 2002.
(per 28. februar 2006)
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.