Anders Fjellner
svensk samisk forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia
Anders Fjellner (18. september 1795–22. februar 1876) var ein svensk sørsamisk prest og diktar.[1]
Anders Fjellner | |
![]() | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 18. september 1795 Ljusnedals församling |
Død |
22. februar 1876 (80 år) |
Yrke | omsetjar, lyrikar, prest |
Språk | svensk, nordsamisk, sørsamisk, finsk |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Anders Fjellner på Commons |
Fjellner var fødd på Rödfjället sørvest for Tänndalen i Ljusnedals församling i Härjedalen. Via Härnösands gymnasium kom Fjellner i 1818 til Uppsala universitet, der han vart vigd til prest i 1821. Fjellner snakka sørsamisk, men lærte seg snart nordsamisk og finsk.[1] Han var gift med Christina Päivadtj (Päiviö) frå Karesuando församling.
I 1849 publiserte Fjellner diktsamlinga Päiven pardne («Sønene til sola»), som var skrive i ei samisk språkform basert på den sørsamiske dialekten i Härjedalen og den nordsamiske dialekten i Jukkasjärvi. Dikta skal ha vore basert på mytologiske beretninger som han skreiv ned hos samar i nord og sør. Den finske språkforskaren Otto Donner utgav Fjellner sine dikt i 1876 i verket Lieder der Lappen. Fjellners dikt «Solsonens frieri i landet til jettene», der samane vert skildra som barn av sonen til sola og ei jettekvinne, var ei av inspirasjonskjeldene til det samiske flagget.
Han døydde i Sorsele.
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.