Ananas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ananas (Ananas comosus) er frukta frå ein vekst i ananasslekta i ananasfamilien. Veksten er opphavleg frå Brasil og Bolivia, men er dei siste fem hundreåra spreidd til andre verdsdelar og dyrka der. Namnet «ananas» kjem frå tupi-guarani anānā, anamá eller naná.[1][2]
Remove ads
Ananasen, som er ei rosettplante, trivst best i 25–30 grader og treng ca. 1000–1500 mm regn per år. Ananasplanta lever i cirka tre år. Når planta er 2–3 år ber ho frukt, sidan visnar ho og døyr. Ananasen har ein frukttype som kallast samansett frukt som er ein diaspore danna av ei stor mengde blomar rundt stamma.
Ananasfrukta vert i kosthaldet nytta i mellom anna dessertar, fruktsalatar, kjøtt- og fiskerettar, salatar og som pizzatopping.[3] For å kunne ete frukta må det taggete skalet og det treaktige partiet i midten, ananasstokken, skjerast vekk. Dette er grunnen til at konservert ananas i skiver ofte har form som ein relativt smal ring med eit stort hol i midten. Ananasfrukta kan vege over to kg. Kolibri er den vanlegaste pollinatøren av ananas.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads